Terningkast 5: PARTY DOLLS

Artikkelen er over 4 år gammel

”Love Wars Baby”

DEL

Dette er det eg kallar eit overskotsprosjekt. 3/5 av The District Attorneys (dei jobbar samstundes med ny plate), Tedo Stone (plate i fjor) og Jeremy Wheatley frå Crooked Fingers. The District Attotneys kjem med ny plate i løpet av året. I tillegg til at dei har danna sitt eige Oasis-coverband . Det er nokre som rett og slett ikkje vil ha fritid utanom musikken, bra for oss.

Av dei før nemnde banda liknar Party Dolls mest på The District Attorneys. Forskjellen er at Drew Beskin The District Attorneys trengde ein ventil for å få ut meir personlege låtar. Det er han som står bak alle låtane her. Med unntak av opninga ”Love Wars Baby”, den er skriven i samarbeid med Daniel Womack frå Futurebirds. Eit band som saman med Rilo Kiley og Big Star blir brukt som referansar. Og sjølvsagt Badfinger.

Tittellåten som opnar plata startar forsiktig for så å overfløyme oss med vellyd i form av flotte klingande gitarar, strykarar og koringar. Dei er litt meir sober i lyden på ”Kindly Leave”. Men det melodiøse er til stades i godt monn. ”Indigo” har gitarlyden køyrt gjennom ein overstyringspedal. Ein låt som løftast godt av Kathryn Boyd sin duettvokal. Dei legg seg heilt nedpå på "I Am Not The One You Love". Ikkje heilt på tempoet, men låten er ganske så vár. "Vampire" derimot har tempoet nede. Med gode strykarar. Dei gir på litt meir på "Sides". Trudde nokre sekund at dei køyrde i gong Badfinger sin ”No Matter What”. Men dei tar det litt rolegare. Men det er ein flott låt. "A Firecracker" er også det. Men i motsetnad til kva tittelen antydar er den ikkje eit fyrverkeri. Stort sett akustisk gitar og strykarar med flott koring. Dei guffar på litt i "After June". Fin poprock med sjel. "You Let Me Know" står for mykje av det same, men her minnar dei meg om Bohannons i det rolege lune hjørnet. Og der blir dei medan plata tonar ut med "Sweetheart Moon".

Dette er åres første utgjeving frå This Is American Music. Og om denne er symptomatisk for dei kommande utgjevingane, blir 2014 nok eit flott år for selskapet.

Sjå også: Platearbeidarens årsoppsummering 2013 - This Is American Music - pluss utsikter for 2014

Kjøp her:

Artikkeltags