Terningkast 5: OSLO INN

Artikkelen er over 8 år gammel

”Slike Dager”

DEL

Som Kråkesløv, eh.. Kråkesølv, med ballar. Som The Jam. The Police og det norske 80-talsbandet Skjønn Forening. Tidleg DumDum Boys. Og dei britiske nittitalsheltane Three Colours Red. Oslobandet Oslo Inn kallar fram mange referansar på sin nye plate. Eller EP. Av den lange typen, her er nemleg åtte låtar.

Som alle som ein forsvarar sin plass på denne utgjevinga.

Bandet har tatt namnet frå motellet i Galleri Oslo som aldri opna dørene sine grunna dei useljelege omgjevnadane det låg i. Men bandet Oslo Inn opnar dørene sine med eit smell. Som du kan sjå av referansane nemnd over.

Sterke låtar. Gode tekstar sunge på norsk. Og særs kompetent utført.

Rock levert på morsmålet blir ikkje så mykje betre enn dette i 2011.

Høgdepunkt akkurat no: ”Tar Det Til Meg”, elskar melodilina sekunda før dei kastar seg ut i refrenget.

Artikkeltags