Terningkast 5: OSLO ESS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Verden på Nakken, Venner i Ryggen”

DEL

Oslo Ess er klar med den vanskelige andreplata. Nei, vent. Det er den tredje som er vanskeleg. Denne er kjempelett. Det høyrest i alle fall sånn ut.

Dei fortset som på førsteplata med høgoktan rock. Med norske tekstar. Og etter intens turnéverksemd læt det meir samspelt enn nokon sinne. Dei kan til tider faktisk minne om ei norsk utgåve av The Gaslight Anthem.

”Kakkerlakkene” opnar i frisk stil. Ei norsk utgåve av Rancid. Det råaste sporet på plata. Litt rolegare går det på ”God Morgen”. (Roleg og roleg, alt er relativt) Med god melodi, fint gitarriff og fengande refreng. ”Bislett Stadion” fortset i same gata som førgjengaren. Igjen med eit særs fengande refreng. Dei tar Rancid-linja heilt ut på ”Fritt Fram”. For her spelar dei ska. Med ONKLP på gjestevokal. ”Caroline” er attende på det streite rockesporet. Med særs effektivt tangentarbeid (orgel og piano) frå veteranen Lasse Hafreager. Med ein gitarsolo sånn som ein gitarsolo skal være. Steintøft og platas høgdepunkt. Platas rolegaste låt ”Ut Av Det Blå” gir oss eit pusterom. Utan at det går ut over intensiteten. Igjen med godt gitar- og tangentarbeid. Spesielt gitarane ber denne låten frametter. ”Är Du Som Jag” høyrest ut som Ebba Grön. Og kunne faktisk vore med på andre eller tredjeplata til svenskane. Og utanom det musikalske er jo grunnen at denne låten har svensk vokal. Og likevel passar godt i heilskapen her. Dei roar det litt ned at på ”Gaselle i Tigerstaden”. (Som sagt, alt er relativt) Litt folkrockaktig med same trykk og intensitet som tidlegare. ”Tøffe Gutter” aukar tempoet igjen. Nok ein gong med steintøft orgel frå Hafreager. Som ei norsk utgåve av The Offspring. Og minst like tøft. Avsluttinga ”Over Stokk Over Stein” byrjar med Hareager på trekkspel. Det høyrest nesten som dei prøvar å gå Ni Liv i næringa. I 32 sekund. Etter det er det flat pedal og attende til normalen. Halve låten er med svensk vokal og eit rykande munnspel av Einar Stenseng mot slutten. Slutten av det som er ei særs god plate frå Oslo Ess, og som etablerer bandet i det absolutte toppsjiktet i norsk rock.

Artikkeltags