Terningkast 5: ORBO

Artikkelen er over 4 år gammel

"Man O'War"

DEL

Er det no eg seier velkommen attende? Uavhengig av om ”Steingard”, ORBO sin første plate på norsk var ein suksess eller ei, så likte eg ikkje spesielt godt at Ole Reinert Berg-Olsen skifta målform. Eg likar betre når han held seg til engelsk/amerikansk. Som her.

Denne EPen med fire låtar er ein forsmak på eit heilt album som kjem seinare i år. Og ut i frå det som er her gir det grunn til å glede seg.

Anten det er høgtempo countrymusikk som på "Deadlock", eller litt halvtempo vestkustcountry som Vince Gill gjorde så glimrande på 80-talet i "Time To Move On". "Sleep Through The Night" har for så vidt same artistreferanse, men i balladeform. Heilt nydeleg eigentleg. Og det gjeld også "Man O'War". Litt meir fart, nesten marsj inn imellom. Og ein briljerande Berg-Olsen på gitar. Nærast like elegant som Mark Knopfler ville gjort det.

Så, det er ikkje tvil om at ORBO har komma heim igjen musikalsk. Og sjølvsagt har han spelt inn og produsert dette heime, i Hordaland Studio på Os sør for Bergen.

Artikkeltags