Terningkast 5: ORANGO

Artikkelen er over 6 år gammel

”Colonial Militia Vol. 2”

DEL

Del to i Orango sitt prosjekt ”Colonial ”Militia” har landa. Og tek over der Vol. 1 slutta, med "Intermezzo: Tenerae Caesar" del to. Og sluttar der førre plata byrja, med "Electric Clouds Across the Horizon".

Bandets fjerde plate går endå litt vidare. Dei utviklar seg stadig og bandet frå dei to første platene er nesten ikkje til å kjenne igjen. Hammondorgelet får meir og meir plass. Pluss at bandets harmonisong blir skarpare og skarpare.

"Electric Clouds Across the Horizon (Part 2)" opnar med svevande gitarar og fine strykarar. Eit fint kvileskjær før dei tar laus. Og det gjer dei på ”Kick Him Out”. Ein rask og intens låt med skarpe gitarar og hammondorgel. Med eit mellomspel med fint munnspel. ”Sundown” senkar tempoet litt, men ikkje intensiteten. Eit 70-talsinspirert lydbilete, igjen med mykje orgel. Og eit flott refreng. Tempoet fyk opp att på ”Jade Stones”. Black Crowes i hoppemodus, igjen med det ufatteleg fine hammondorgelet. Og tøft gitarspel. ”Talkin’ Bout You” er det næraste vi kjem ein ballade her. Meir vestkystaktig i stilen. Dei varierar igjen stort og sørgjar for å gjøre plata meir mangslungen og interessant. Og med det heve plata si slitestyrke. Men på ”Easy Street” tek det laus igjen. Mykje riffing, litt småfunky og groovy. Med hammondorgelet i hovudrolla. ”Ain’t That A Lot Of Love” er framleis like spretten og leikande som forgjengaren. Med litt meir bluesgroove og soul. Med snev av gospel. Dei dreg ikkje lengre inn i soulen på ”Soulville”. Men tek i staden seg ein runde med meir vestkystrock. Sjølv om vokalen osar av soul. ”Shiny Fools” kjørar på med hard riffing med gitar og orgel i samspel. Og eit flott refreng. Igjen trygt plassert i 70-talet. Noko som også gjeld ”No One’s On My Payroll”. Litt rolegare, men med god groove. ”Sunny Side Up” kjenneteiknast også av god groove. Og er samstundes eit av platas tyngste spor. Men tyngst blir det i byrjinga på avsluttingslåten ”Finale: Electric Clouds Across the Horizon". Men etter kvart roar dei seg tilsynelatande ned og verkar å la plata tone ut i eit Pink Floyd-liknade lydlandskap. Men dei hadde jammen litt energi igjen og lar instrumentalen etter kvart harve ut i horisonten. Og dette understrekar berre platas store variasjon.

Dette har blitt nok ei flott plate frå Orango, der dei viser solid utvikling og framgong frå dei tidlegare utgjevingane. Det skal faktisk bli spanande å sjå kvar dei går frå her.

Artikkeltags