Terningkast 5: ORANGO

Artikkelen er over 7 år gammel

”Colonial Militia Vol. 1”

DEL

Plate nummer tre frå Oslo-bandet held fram den fine utviklinga dei hadde på fjorårets utgjeving, ”Confessions”. Dei går faktisk nokre steg vidare.

Grunnfjellet er det same. Lyden er igjen fin og vital. Kanskje litt likare BigBang. Men likevel ikkje. Det er soul- og sørstatsrock. Sterkt inspirert av 70-talet. Til tider tungt og fint. Men det som er nytt, er eit høgare fokus på melodiar. Det er meir melodiøst.

Noko ein oppdagar i introen ”Ouverture: Electric Clouds Across The Horizon (Part 1)”. Det er meir flytande og vart. “Roman Chocolate Cream” set riktig nok skapet på plass igjen. Med riffing og tunge gitarar. Det blir ståande gjennom ”Old Gold”. Men både denne og ”Delaware Donut” visar eit band med meir trykk i allsongvennlege refreng. ”Fools Like Us” roar seg litt ned på refrenga og med fin bruk av orgel. I tillegg til mykje riffing elles. Men på ”Little Sultan” skjer det noko. Her går dei plutseleg Chris Isaak i næringa. Med nydeleg gitarspel. ”Rubber Lady” og ”Blue Suit” køyrar vidare med feite gitarriff og allsongvennlege refreng. Dei roar det heile ned att på ”Countryside Junkie”. Ei blanding av westcoast og Pink Floyd. ”Nine Days Of Peace” tar westcoast-sida av bandet heilt ut. Med akustiske gitarar og fine harmoniar. Nesten som om Crosby, Stills & Nash har tatt turen innom. Sjølvsagt med fløyteparti mot slutten. Avslutninga på denne fine plata er endå meir Pink Floyd. Instrumentalen ”Intermezzo:Tenerae Caesar (Part 1)” inneheld ein fin svevande gitarsolo som dreg oss i mål.

Det er alltid fint å høyre når band klarer å utvikle seg mot det betre.

Det har Orango gjort her.

Artikkeltags