Terningkast 5: ONKEL TUKA

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

”Woodys Verden”

DEL

Som ein ihuga tilhengjar av vindskeiv amerikansk countrymusikk, er det godt å høyre at vi har band her i Noreg som beherskar sjangeren fullt ut. No har for så vidt Onkel Tuka bevist det gjennom dei fire første utgjevingane. Men det er jo alltid godt å få det bekrefta.

Denne gongen har geriljagospelkollektivet frå Halden gjeve seg Woody Guthrie i vald. Og oversett 13 av låtane hans. Dette er gjort i samband med Guthrie sin 100-års-dag.

At Onkel Tuka skulle vere i nærleiken av å rote dette til, er sjølvsagt utelukka. Denne plata er særs vellukka. Låtane høyrast nesten ut som om dei er spesialskrivne for bandet. Du kan kalle det country, bluegrass og gospel. For det er nettopp det det er. Ikkje nødvendigvis alt på ein gong heile tida. Men nesten. Plata er produsert fint av Geir Sundstøl. Som også bidreg med kor og strengeinstrumenter. I tillegg har dei med seg mellom Henning Kvitnes, Paal Flaata, Martin Hagfors, Kåre Virud og Hege Brynildsen. Dei to sistnemnde står for platas høgdepunkt: Virud med ”Sang til Woody”, ein låt han etter eige utsegn har spelt i 40 år. Og her endeleg fått den som han vil. Brynildsen med "Hvem Skal Sko Mine Føtter", med ein vokal så nydeleg at den må høyrast for å tros.

Artikkeltags