Om Chris Hamlett Thompson

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Chris Hamlett Thompson er ein mann med ein mangslungen karriere bak seg.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Han vart fødd i England i 1947, men vaks opp på New Zealand der han tok sine første musikalske steg i diverse skuleband.

Han returnerte til England i 1973 for å satse på ein musikalsk karriere og blei etter kvart med i Manfred Mann's Earth Band i 1974. Som også er der historia om Chris Thompson vi kjenner vi startar.

Med gruppa var han med på totalt 10 plater, den første i 1976 og den siste i 2004.

Den mest populære var den første, "The Roaring Silence" frå 1976, dette var bandets sjuande plate. Ho gjekk til tiande plass på både den engelske og den amerikanske salslista, den nådde også ein fin sjetteplass på VG-lista i 1976. Og grunnen var sjølvsagt innspelinga av Bruce Springsteen sin "Blinded By The Light" som gjekk heilt til førsteplassen på den amerikanske singellista.

Coverversjonar av andre kjente artistar var det gruppa hadde størst suksess med, den største sjølvproduserte slageren dei hadde var "Davy's On The Road Again" frå "Watch" 2 år seinare. I tillegg til Springsteen spelte dei inn låtar av Bob Dylan, Bob Marley, Sting, The Jam, Eddie & The Hot Rods, Rolling Stones, Del Amitri og Robert Cray.

Men dei nådde aldri det same salet som "The Roaring Silence" seinare.

I 1978 var Thompson også involvert i Jeff Wayne sin musikalversjon av "The War of the Worlds", i 1979 slutta Thompson første gong i bandet, flytta til Los Angeles og starta gruppa Night. Saman gav dei ut 2 plater.

Thompson gav deretter ut sitt første soloalbum "Out Of The Night" i 1983, men hadde i mellomtida atter ein gong blitt medlem av Manfred Mann's Earth Band og hjelpte til å ferdigstille plata "Somewhere in Africa" som også kom ut i 1983.

Thompson sitt andre og tredje soloalbum, "Radio Voices" og "The High Cost Of Living", kom i 85 og 86. 1986 var også året han var med på sin største suksess som låtskrivar, John Farnham sin "You're the Voice" gjekk til førsteplass i ein rad land.

Han skreiv også "The Challenge", skriven og framførd som den offisielle songen for Wimbledon-turneringa i 1989. I 1990, spelte han inn singelen, "This Is The Moment", den offisielle låta til samveldeleikane i Auckland, New Zealand.

Neste soloplate, "Beat of Love", kom i 1991. Same året hadde han også ein topp 10 plassering i Tyskland med "The Joker", tittelsongen frå TV-serien "Jolly Joker".

1992 sørgja igjen for at Thompson hamna i rampelyset då han var ansvarleg for øvingane til bandet og artistane under hyllestkonserten til Freddie Mercury på Wembley Stadium. Men på grunn av tidspress måtte dei kutte ut låta det var meininga at Thompson skulle synge, Queen sin "It's A Kind Of Magic".

Thompson sin neste involvering med Manfred Mann's Earth Band kom i 1996 med plata "Soft Vengeance" som det tok 4 år å ferdigstille, som vanleg ei fin blanding av originalar og coverversjonar. Han deltok også på bandets konsertplate frå 1998, "Mann Alive".

Inn i mellom alt dette samarbeida han med mellom anna Brian May frå Queen, Steve Hackett (ex. Genesis), Alan Parsons, Mike Oldfield, SAS Band (eit band med skiftande besetning av kjendisar som spelar konsertar rundt juletider), Bonnie Tyler og Sarah Brightman.

Si første soloplate på 2000-talet, "Won't Lie Down", gav han ut i 2001, og sida "Rediscovery" i 2004 har han samarbeidde med bergensaren Mads Eriksen. Den hittil siste plata kom i år, "Timeline" er oversikt over karrieren hans som mellom anna inneheld 4 songar spelt inn under en konsert i Oslo.

7. Oktober spelar han nok ein gong i Florø, denne gongen i kinosalen på Flora Samfunnshus.

Diskografi

Med Manfred Mann's Earth Band

The Roaring Silence (1976)

Watch (1978)

Angel Station (1979)

Chance (1980)

Somewhere in Afrika (1982)

Budapest Live (1983)

Criminal Tango (1986)

Soft Vengeance (1996)

Mann Alive (1998)

2006 (2004)

Solo

Out Of The Night (1981)

Radio Voices (1983)

High Cost Of Living (1986)

Beat Of Love (1989)

Backtrack 1980-1994 (1999)

Won't Lie Down (2001)

Rediscovery (2004)

Timeline (2005/2009)

If You Remember Me - The Very Best (2006)

Med Night

Night (1979)

Long Distance (1981)

Anbefalte plater:

Når det gjeld Manfred Mann's Earth Band er det vanskeleg å komme forbi "The Roaring Silence" og "Angel Station", kan ta med "Watch" under tvil. Det er i kvart fall dei 3 platene eg har hatt eit nærast forhold til. Og då får du låtane eg forbindar med bandet, "Blinded By The Light", "Questions" og "Davy's On The Road Again".

Men sida det er snakk om så mange plater kan det være like greitt å skaffe seg ein av dei mange samlingane som finst, det er berre å sjekke Platekompaniet.no, cd.on og Amazon.co.uk

Når det gjeld mannens solokarriere er det best å starte med ein av dei fine samlingane som er gitt ut dei siste åra, "If You Remember Me - The Very Best" frå 2006 eller "Timeline" frå i år. Begge gir eit fint oversyn over karrieren til Thompson. Mannen har gjort mykje rart i si tid, men det er ein artist som er for viktig til å bli forbigått i stillheit.

Artikkeltags