No når fotballklubben Sogndal har rykka opp i eliteserien, står vi fare for igjen å måtte høyre "Stao no pao, Sogndal". Stedje si hylling til Sogndal frå 80-talet. Som kanskje er mannens mest plagsame låt.
Stedje slo igjennom i 1981 med "Vi Vandrar Saman". Ein låt som framleis står igjen som det beste han har gjort. No skal ikkje eg seie at alt han gjort seinare eigentleg er noko dårlegare. Eg har rett og slett ikkje høyrt så mykje av det. Men eg har mistanke om at det læt som det gjorde på debuten. Og som det læt på årets utgjeving. Som er mannens 12. studioplate, inkludert ei saman med Guren Hagen.
Og det er slett ikkje avskrekkande dette. Det læt sånn eg har innbilt meg at Olav Stedje høyrest ut. Så lenge eg kan hugse.
Plata er produsert av årdølen Svein Dag Hauge, kjend frå Lava. (Vent no litt. Årdøl? Er ikkje det eit litt belasta ord? OK, sogningen Svein Dag Hauge).
Her er 11 originale melodiar av mellom anna før nemnde Hauge. Med tekstar av Are Kalvø og Finn Tokvam for å nemne to. Musikken ligg trygt i vise/country-land og er kvalitetsmessig over gjennomsnittet. Det er ei fin og vellydande plate heilt utan dei verkeleg store høgdepunkta. Men det går fint an å tilbringe 40 minutt i selskap med Olav Stedje. Einaste låten eg ikkje heilt taklar her er "Rocka Budeie". Den blir for masete.
Høgdepunkt: "Alle veit så vel" Eagles-countryrock med godt tempo.