Terningkast 5: OLAV LARSEN & THE ALABAMA RODEO STARS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Memory Lane”

DEL

Olav Larsen returnerer etter ei pause på fem år. Det einaste han har gitt oss sidan 2008 er ein julesingel i 2009. Om ein då ser bort i frå The Hank W. Rodgersons Gospel Experience sin fantastiske ”Shine a Light” frå i fjor. Har du ikkje høyrt denne plata anbefalar eg sterkt at du gjer det. Bandcamp

Men no er han endeleg attende under eige namn. Og for ei plate det er blitt! Ei plate som streifar innom litt av kvart. Men som heile tida er forankra i tradisjonell country. Tradisjonell som i Hank Williams, George Jones, Gram Parsons, for å pirke litt på toppen av isfjellet. Larsen står som vanleg sjølv for vokal, gitar og munnspel. Men det som i tillegg denne gongen er med på å løfte plata eit steg høgare, er Anita Bekkeheien si vokal. Det er nesten så ein får Gram og Emmylou-fornemmingar.

Det er også Bekkeheien som får det første ordet på plata i opninga på "Sometimes the Rain Doesn`t Stop". Ei roleg folk-låt der båe syng med stor kjensle og innleving. Ein nydeleg duett som set standarden for plata.

”Sara” gir pianoet ei meir fremtrdande rolle. Framleis i roleg tempo, men countryelementa er meir framtredande her. Med ein sologitar som fyller fint ut og krydrar låten med countrylicks. Og teksten er ei fin kjærleikserklæring som er velskrive og elegant. Noko som kan seiast om alle tekstane her. Så gode at dei burde vore trykt på coveret, Larsen er ein av dei ikkje så veldig mange norske plateartistar som har ei god hand med det engelske språket.

Den første verkeleg store låten her er ”Memory Lane”. Nok ein låt utan det heilt store tempoet, men duettane her mellom Larsen og Bekkeheien gir meg assosiasjonar til Gram og Emmylou. Rett og slett lysande som ein svenske ville sagt det.

"We Used to Be Lovers" er ein låt som kunne gått begge vegar. Ein countryballade som er bygd opp som ein diskusjon, liknande klassikaren ”Baby, It's Cold Outside”. Og når eg skriv at dette kunne gått begge vegar, er det fordi at Terje Nilsens nordnorske oversetting av den songen er noko av det flauaste eg har høyrt. ”Se for et vær det e'” er rett og slett ubehageleg å høyre på. Men den vesle kjærleikskrangelen mellom Larsen og Bekkeheien er berre nydeleg. Og med ein særs smart og elegant tekst. Det er og her multiinstrumentalist Erland Aasland først verkeleg viser at han er til stades. Eg kalla banjospelet hans på ”Sån av Salve” (Tønes) for overjordisk. Steelgitaren hans her er jaggu ikkje langt unna. Chicken skin music, indeed!

De køyrer hardare i veg på "There Is a Woman". Med mykje orgel, mykje fint gitarspel og munnspel. Dei leverer eit trykk Todd Snider og Steve Earle verdig. Og er plutseleg ikkje reinspikka country/folk. Nok ein stor låt.

"Days Like These" roar det heile ned att. Med ei fele i byrjinga fyllest det varsamt opp og blir bygd på med mellom anna steel-gitar, ein twangy gitar og munnspel. Teksten er igjen om oppbroten kjærleik. Og nok ein gong godt og elegant skriven, og det at han nemner George Jones og Tammy Wynette er nok ikkje tilfeldig. Duettane deira sette standarden for countryduettar.

Dei aukar tyngda på "I`ve Been Searching". Nærast bluesgospel i uttrykket. Endå eit sidesteg i repertoaret til The Alabama Rodeo Stars på denne plata. Men også denne retninga kler bandet godt.

"Speak from the Heart" hankar dei inn att i folk-contry-sjangeren. Nydeleg halvrask melodi med piano som leiande instrument, godt støtta av Aasland sin banjo.

Det er ikkje spesielt mykje blues i "Missing You Blues". Men den nærast balladeliknande låten blir med enkle hjelpemiddel så stor i lyden. Det spinkle orgelet i byrjinga, kassegitaren som tek over. Fele, elektrisk gitar, banjo. Nydeleg duettsong. Og den flotte stemma til Larsen. På eit vis minnar dette meg om Conor Oberst. Men det står på ingen måte attende for amerikanaren. Det er rett og slett berre heilt nydeleg. Larsen er her second to none.

Dei slår litt om på "Singing My Songs" og gir seg marsjen i vald. Men dei landar låten etter kvart i det trygge fine countryfolk-landskapet dei skal være. Og når orgel og piano veltar over deg etter eitt minutt er alt i orden. (Som om det nokon gong var noko som var gale ?)

"Drinking Can Kill You" avsluttar plata, igjen på den rolege sida. Og nok ein gong med ein god, velskriven tekst. Med det ein kan kalle eit typisk countryinnhald. Ikkje veit eg om det er sjølvopplevd (håper ikkje det), men elegant formulert er det.

”Drinking can kill you, I swear that it's true

It happened to me. It may happen to you

This is a story I just have to tell

Of how I ended up in heaven faster than hell”.

Igjen banjo, piano, akustisk gitar, fele og munnspel. Og litt jodling mot slutten. Ei fin roleg avslutting, alvorleg tema eller ikkje.

Det er flott å høyre korleis artisten Olav Larsen etter kvart har utvikla seg. Han står eigentleg ikkje attende for nokon av dei han kan samanliknast med.

Kjøpes her: Memory Lane

Artikkeltags