Frå det augneblikk eg høyrde "Our Life Is Not A Movie Or Maybe" på P3 så lurte eg på: kvar har dei vore heile mitt liv?
I kvartfall sia 2000, det ser ut som dette er bandets femte plate og om denne utgjevinga er representativ for dei tidlegare ser eg ikkje nokon grunn til å la være å sjekke dei ut.
Austingruppa spelar ei blanding av indierock og skeiv country, alt. country om du vil, og i vokalist og låtskrivar Will Sheff har dei ein kapasitet og ressurs det er få andre forunnt å ha.
I tillegg til låta frå P3 eg nemnde innleiingsvis er det spesielt to låtar her eg tykkjar ligg på grensa til det geniale.
"Plus Ones" har ein nydeleg melodi og ein fantastisk tekst som ikkje kan tolkast anna enn angrep på populærkulturens hunger etter oppfølgjarar. Han namedropper her ein rad kjende rock- og poplåtar som 99 Luftbaloons (Nena), TVC15 (Bowie), 8 Miles High (Byrds), 7 Chinese Brothers (R.E.M.), 50 Ways To Leave Your Lover (Paul Simon), 96 Tears (? & The Mysterians), 16 Candles (Crests) og 3 Times A Lady (Commodores). Og legg til ein på alle siffera for å understreke poenget.
Den andre er avslutningslåta " John Allyn Smith Sails" ein sterk song om eit sjølvmord, skriven i førsteperson, som før du veit ordet av det har gjennomgått ei metamorfose og blitt Beach Boys' "Sloop John B".
OK, eg tok feil, dei er geniale. Og resten av låtane her er jaggu ikkje langt etter Årets plate så langt!