Nyheiter
Sjå nyheiter på Twitter;: http://twitter.com/Platearbeidaren
22. juni er datoen, Då er plata til Kurt-Arve i handelen, du kan kjøpe ho her: http://turl.no/3yg
Ny plate frå Patterson Hood frå Drive-By Truckers 23.juni. http://pattersonhood.com/news.html
I tillegg har Drive-By Truckers eit par nye utgivingar på gong.
Dette er kva Patterson Hood skreiv på sin nyheitsmail:
”Først, vårt Austin City Limits show frå i fjor haust vil bli utgitt på DVD 7 juli. DVD’en vil omfatte heile konserten (bare om lag en tredjedel av den ble vist på TV).
Dette er utan tvil vår beste konsert noensinne fanget på film.Vi var i toppform, lyden var utmerket, og produksjonen var heilt topp. Vi elska å spille på scena og publikum var fantastisk.
Den har også en av de siste framføringar noensinne av "18 Wheels Of Love", med full monolog og oppfølgjar-monolog. (Kva han no måtte meine med dette – red)
For det andre, 1 september slipp New West ”THE FINE PRINT (A Collection of Oddities and Rarities 2003-2008)”. Vi ferdigstilla den i går (25. Mai) og skal mastre det på torsdag. Plata inneheld 12 songar og er kanskje den mest morosame plata vi har gjort. Songar inkluderar "George Jones Talkin 'Cell Phone Blues ", "Rebels", " Play It All Night Long ", "TVA " og den opphavlige aldri utgitte versjonen av "Goode's Field Road".
Til slutt, vi vil være i studio denne månaden og jobbe på den neste DBT plata som skal ut tidleg i 2010."
Vil Spotify lansere ubegrensa nedlasting?
For ein månadleg sum kan du laste ned ubegrensa med spor frå tenesta.
Det ryktas at Spotify er i gong med ei ny ”premium” teneste som vil tillate brukarar å laste ned og behalde så mange spor som de vil frå tenesta.
Brukarar som veljar å betale eit månadlig honorar på £9.99 blir gitt tilgang til hele Spotifys katalog underlagt avtalen, dette i følgje Brandrepublic.com .
Det betyr at abonnentar får tilgang til høgkvalitets MP3-filar av alle låtane på tenesta.
Spotifys administrerande direktør Daniel Ek bekrefta også at tenesta planlegg å lansere ei mobilteneste i Storbritannia i sommar. Om dette blir realisert, vil brukarar laste ned spelelister og låtar direkte til mobiltelefonen.
Det er NME som meldar dette.
Spinal Tap har avslørt detaljer om ei ny plate som kjem ut i juni.
Morometalbandet, som slo igjennom med filmen ”This Is Spinal Tap” – ein rockumentary i 1984, gjev ut ”Back From The Dead” den 15 juni.
Gjester på albumet inkluderer Def Leppard's Phil Collen, John Mayer, gitarist Steve Vai og keyboardist Keith Emerson.
Plata vil følgjast av ein times lang DVD med kommentarar frå bandmedlemmene om platas songar.
Albumet vil innehelde 19 låtar, inkludert nye versjonar av "Hell Hole" og "Big Bottom", som var inkludert i lydsporet på filmen frå 1984, meldar Billboard.
Også inkludert er "Jazz Odyssey", en tredelt song, og en reggae-versjon av ”Flower People ", også frå filmen frå 84.
Nyare songar er "Hotter Than Hell”, ”Celtic Blues", "Rock'n'roll Nightmare" og "Saucy Jack”.
Bassist Derek Smalls, alias skodespelar Harry Shearer, avslørte at det var planer om å gi ut meir nytt materiale.
Han sa at det var: "fire eller fem nye songar som ikkje ble ferdig i tide til å komme med på plata, så vil vi gjøre noko digitalt med dei på download-sida eller noko sånt".
Spinal Tap feirar 25-års jubileet for "This Is Spinal Tap" ved å spille Londons Wembley Arena 30 juni.
Det er New Musikal Express og Billboard som meldar dette.
Nyheiter april
Alice In Chains har teikna kontrakt med Virgin/EMI og vil gi ut eit album med ny vokalist, William Duvall, i følgje Los Angeles TImes. Plata som framleis er utan tittel kjem ut i midten av september.
Les heile saka hos Roling Stone: Rolling Stone
Ny singel frå a-ha, høyr den her: http://universalmusic.no/ecards/aha/ .
Det nye albumet fra The Mars Volta blir gitt ut i juni og kalles "Octahedron”.
Plata, som er gruppas femte studioalbum, vil bli gitt ut 22 juni på Warner Bros Records, singelen ”Since We’ve Been Wrong” kommer ut litt før.
Albumet er oppfølgjar til 2008's "The Bedlam In Goliath" som fekk prisen for Best Hard Rock Performance for låta "Wax Simulacra" på årets Grammy Awards.
”Octahedron" ble skrevet av Omar Rodriguez Lopez og Cedric Bixler Zavala, som vanleg har dei to med seg hjelpemusikarar. Denne gongen Marcel Rodriguez Lopez, Thomas Pridgen, John Frusciante, Isaiah Ikey Owens and Juan Alderete de la Pena.
Apple Corps Ltd og EMI Music kjem endeleg med ei kunngjøring vi har venta på i årevis.
Den niande september i år kjem heile Beatles-katalogen i digitalt re-mastret utgåve for første gong.
Same dato kjem ogso "The Beatles: Rock Band" ut.
Sjå heile pressemeldinga her: http://thebeatles.com/core/news/
Snoop Dogg står bak ei ny remixplate med songer av Johnny Cash.
Det usannsynlige koplinga kjem i form av "Johnny Cash Remixed”, eit samlealbum der mannen i svart remikses av mellom anna Alabama 3, Sonny J og The Heavy.
Dogg, med ein versjon av "I Walk the Line", er co-executive produsent på plata saman med Cash sin sønn, John Carter Cash og Beyonce sin far Mathew Knowles.
Prosjektet er laga med velsigning frå Cashfamilien.
Låtane på plata er frå perioden mellom 1956-59 med Cash sitt første band, Tennessee Two.
Låtane er som følgjer:
'Get Rhythm' (Philip Steir Remix)
'Big River' (Count de Money Remix)
'Country Boy' (Sonny J Remix)
'I Walk The Line' (QDT Music Remix featuring Snopp Dogg)
'Doin' My Time' (The Heavy Remix)
'Leave That Junk Alone' (Alabama 3 Remix)
'Port Of Lonely Hearts' (Midnight Juggernauts Remix)
'Folsom Prison Blues' (Pete Rock Remix)
'Straight A's In Love' (Troublemaker Remix)
'Sugartime' (Kennedy Remix'
'Rock Island Line' (Wolf Remix)
'Belshazzar (Machine Drum Remix)
'I Heard That Lonesome Whistle Blow (Apparat Remix)
Bonus låtar:
'Wide Open Road' (Count de Money Remix)
'Trail To Mexico' (Mexican Institute Of Sound Remix)
'Hey Porter' (Mocean Worker Remix)
'Katy Too' (DJ Enjay Remix)
'My Treasure' (J G Scott Remix)
Plata blir gitt ut 15. juni, og det vil ogso føreligge i ei utgåve med ein bonus DVD med ein dokumentar om innspelinga.
Ei supergruppe med medlemer frå Van Halen og Red Hot Chili Peppers saman med Joe Satriani skal gi ut eit album og reise på turné i år. Dei har tatt namnet Chickenfoot vil gi ut ei sjølvtitulert plate 5 juni, før dei legg ut på turné i sumar.
Medlemmene i gruppa er Sammy Hagar og Michael Anthony frå Van Halen, Chad Smith frå Red Hot Chili Peppers og Joe Satriani.
Gruppen seier de kom saman ved ei tilfeldighet etter ein serie jammer på Hagars klubb Cabo Wabo Cantina i Cabo San Lucas i Mexico.
Elvis Costello slipp eit nytt album kalla "Secret, Profane And Sugarcane" 1. juni.
Plata ble spilt inn på tre dager i Nashville's Sound Emporium Studio og var produsert av hans tidlegare samarbeidspartnar T Bone Burnett.
I staden for hans vanlige backinggruppe har Costello ble med seg ein rekke kjende amerikanske country- og bluegrassmusikarar for å få ei akustisk feeling.
"Secret, Profane And Sugarcane":
”Down Among the Wine And Spirits”
”Complicated Shadows”
”I Felt the Chill”
”My All Time Doll”
”Hidden Shame”
”She Handed Me a Mirror”
”I Dreamed of My Old Lover”
”How Deep is the Red”
”She Was No Good”
”Sulfur To Sugarcane”
”Red Cotton”
”The Crooked Line”
”Changing Partners”
"I Felt Chill” er den andre låta Costello har skrive saman med Loretta Lynn. Ein tidligere versjon av "Complicated Shadows" var med "All This Useless Beauty", mens "Hidden Shame" er tidlegare spela inn av Johnny Cash.
Avslutningslåta "Changing Partners” vart gjort kjend av Bing Crosby.
New York Dolls har avslørt detaljane om sitt nye studioalbum.
Todd Rundgren, som produserte "New York Dolls", deira sjølvtitulerte debutalbum frå 1973, har igjen produsert eit New York Dolls album.
Den nye plata, "Cause I Sez So", vil bli utgitt den 4 mai og er bandets andre sia attendekomsten i 2006 og fjerde totalt.
Saman med 11 nye låtar innehelder plata ein ny versjon klassikaren "Trash", frå nettopp debutplata.
Låtar:
01: Cause I Sez So
02: Muddy Bones
03: Better Than
04: Lonely So Long
05: My World
06: Ridiculous
07: Temptation To Exist
08: Making Rain
09: Drowning
10: Nobody Got No Bizness
11: Trash
12: Exorcism Of Despair
Steve Earle gir ut ” Townes” 12 mai på New West Records; 15 låter skrevet av den legendariske låtskrivaren, Townes Van Zandt.
Med Tom Morello (Rage Against The Machine, Audioslave), Allison Moorer og, for tørste gong på ei Steve Earle-plate, sonen Justin Townes Earle.
"Townes Van Zandt er den beste låtskrivaren i heile verda og eg skal stå på Bob Dylan sitt salongbord i cowboystøvlane mine og sei det." - Steve Earle (1995).
Steve Earle sin oppfølgjar til den Grammy vinnande plata ”Washington Square Serenade” består av låtar skriven av Earle sin ven venn og mentor, den avdøde låtskrivaren Townes Van Zandt. Townes vil også være tilgjengelig som ei som et deluxe to CD-utgjeving, samt dobbel Limited Edition 180 gram vinyl.
Sjå heile saka her: http://steveearle.net/ og her: http://www.steveearle.com/
"Townes":
1. Pancho and Lefty
2. White Freightliner Blues
3. Colorado Girl
4. Where I Lead Me
5. Lungs
6. No Place To Fall
7. Loretta
8. Brand New Companion
9. Rake
10. Delta Momma Blues
11. Marie
12. Don’t Take It Too Bad
13. Mr. Mudd and Mr. Gold
14. (Quicksilver Daydreams Of) Maria
15. To Live Is To Fly
I kjølvatnet av suksesssingelen "Crack a Bottle" med Eminem / Dr. Dre / 50 Cent annonserte Eminem at han kjem med 2 nye album i 2009, det første ”Relapse” kjem ut i midten av mai og før året er omme skal også ”Relapse 2” sjå dagens lys.
"Crack a Bottle" er tydeligvis ikkje albumets offisielle førstesingel sida ei pressemelding hevder at første singel og video frå ”Relapse” vil være ute 7 april.
Sjekk http://www.eminem.com/ for vidare utvikling.
Rolling Stone meldar at Bob Dylan sin oppfølgjar til "Modern Times" kjem raskare enn venta.
Bob Dylan's neste album kjem raskere enn de fleste fans venta i april 2009.
Oppfølgjaren til Modern Times frå 2006 kjem berre bare få månader etter hans outtakes-samling Tell Tale Signs. Les heile historia her: Ekstern lenke: Rolling Stone
Nyheiter februar
Oppfølgjaren til Phoenix si plate ”It's Never Been Like That” frå 2006 blir gitt ut 25. mai og har fått tittelen ”Wolfgang Amadeus Phoenix”.
Låtane er som følgjer:
01 Lisztomania
02 1901
03 Fences
04 Love Like A Sunset Pt. 1
05 Love Like A Sunset Pt. 2
06 Lasso
07 Rome
08 Countdown
09 Girlfriend
10 Armistice
Ny supergruppe på beddinga.
Taylor Hanson, James Iha, Adam Schlesinger og Bun E. Carlos dannar supergruppa Tinted Windows.
Debutplata blir lansert den 21 april på S-Curve Records. Tinted Windows er: Taylor Hanson (sang), James Iha (gitar), Adam Schlesinger (bass) og Bun E. Carlos (trommer).
Taylor Hanson er best kjent som medlem av Hanson, den superseljande brødretrioen frå Tulsa, USA, James Iha var ein av de opprinnelige medlemmene av Smashing Pumpkins, og har også vært medlem av A Perfect Circle og soloartist. Adam Schlesinger frå Fountains Of Wayne, Bun E. Carlos er trommis i legendariske Cheap Trick.
Bandet skal gjøre fleire konsertar på den kommande South By Southwest-festivalen i mars og seinare spille ein del klubbkonserter utover våren.
Dei beskriv musikken som ei samansmelting av power-pop, rock og New Wave frå slutten av 70-taletr og byrjinga av 80-talet, oppdatert med den meir moderne lyden av gruppene dei sjølve er og har vore medlemmar av.
HOLD STEADY "A Positive Rage",
7. April slippes en DVD Dokumentar og bandets første livealbum
Den 53 minutter lange dokumentaren begynner med The Hold Steady sitt første besøk i London i anledning deira tredje plate, ”Boys And Girls In America”, den påfølgande vedsturneen i 2006 og endar opp med ei konsert på First Avenue i Minneapolis.
Konsertplata bli spilt inn 31. oktober 2007 og inkluderer sytten låtar spilt inn på The Metro i Chicago. Plata vil ogso innehalde 5 studio bonusspor, derav 2 uutgitte.
Sånn circa 10. mars kjem BoDeans si klassiske "Love & Hope & Sex & Dreams", i ei Collector's Edition med uutgitte demoar og ein DVD med ein konsert frå 1985. Høgdepunkta står i kø i år, i kvartfall når det gjeld nyutgjevingar.
Bear Family Records slipper til våren 2 "nye" plater med Jim Ford, både på CD og 180 grams luxury vinyl.
Det eine er albumet som var tenkt utgitt på Capitol Records i oktober 1970 og det andre er albumet som skulle vært utgitt på Paramount i 1973. Julen kom tidleg i år....
Den nye plata til Green Day som kjem i mai 2009 har fått tittelen "21st Century Breakdown"
Nyheiter januar
Bruce Springsteen gir ut deluxe versjon av «Darkness On The Edge Of Town», liknande jubileumsutgåva av «Born To Run» frå 2005.
I tillegg til ei remastra utgåve av plata vil utgjevinga innehalde ein dokumentarfilm.
Så til nokon som har problem som dei fleste av oss ikkje klarar å sette seg inn i.
Eks-Guns'n'Roses-gitarist Slash fekk nyleg løyve frå ein dommar i Los Angeles til å gå vidare med eit søksmål mot eigedomsmeklaren som selde han og kona eit hus som, i deira augo, ikkje er tilpassa store festar. Huset var, framleis i følgje ekteparet Slash, mindre enn annonsert og låg i ei gate med parkeringsrestriksjonar. Dei krev erstatning på 1 million dollar.
Booker T, mannen bak klassikaren «Green Onions», kjem med ei ny plate 20. april og har fått hjelp frå Neil Young og The Drive-By Truckers. Dette er mannens første studioalbum på 20 år.
Plata med tittelen «Potato Hole» har i tillegg til originalmateriale med tre coverversjonar, nærare bestemt Outkast sin «Hey Ya,» Tom Waits sin «Get Behind the Mule» og Drive-By Truckers sin «Space City».
Neste band ut i gjenforeiningsbølga er Mott The Hoople. Dei skal spele saman for første gong på 35 år for å feire sitt 40-årsjubileum i år. Gruppa inkluderer alle originalmedlemmene: Ian Hunter, Verden Allen, Dale Griffin, Overend Watts og Mick Ralphs, og dei vil spele to konsertar på London's Hammersmith Apollo 2.og 3. oktober 2009.
Neil Young vil gi ut «Fork In The Road», eit album med nytt materiale, kanskje i slutten av mars. Tittelsporet er tilgjengeleg på nettsida hans: www.neilyoung.com . Det etterlengta Archives-prosjektet, som skulle kome ut i februar, er dermed utsett til utpå våren. Det var også meldingar om at ei plate saman med Crazy Horse, «Toast», skulle komme ut i januar. Den er også blitt utsett.