Terningkast 5: NUDE BEACH

Artikkelen er over 6 år gammel

”II”

DEL

Det her er notida. Plate digitalt på Bandcamp. 300 eks på vinyl. Og den var ikkje berre berre å få tak i.

Men for å seie det sånn. Folk flest bur i Kina. Og folk flest klarar seg med den digitale utgåva. Det er litt lettare å spele den av på ein iPhone. Men no er vel heller ikkje denne plata for folk flest. Den kan gjerne skremme vekk folk flest.

Bandet frå New York (Brooklyn nærare bestemt) med det rare namnet, Rockaway Beach hadde vore betre, er ute med si andre plate. (Ein treng ikkje være Stephen Hawking for å skjøne det?). No har eg ikkje høyrt den første. Men den var visst meir punkorientert. Denne er det ikkje. I ånden kanskje, men ikkje musikalsk. Ikkje så veldig i kvart fall.

Musikalsk snakkar vi om ein blanding av Tom Petty, The Replacements, Supergrass, Bruce Springsteen og, okei då, punk.

Trioen køyrar friskt og fint i gong med ”Radio”. Ikkje heilt ulikt The Replacements. I 90 km i timen. ”Walkin’ Down My Street” roar dei ned farta litt. Med eit mellomspill til forveksling likt Springsteen sin ”Sherry Darling”. Dei køyrer friskt i veg igjen på ”Some Kinda Love”. Som ein litt trengd Tom Petty. Rølpete men likevel elegant. ”You Make It So Easy” roar det heile ned. I den forstand at du ikkje sitt sveitt tilbake. Etter å ha høyrt låten. Kanskje litt nærare Paul Westerberg solo. Mykje det same på ”Keep It Cool”. Det er rolegare. Men framleis like intenst. (Roleg og roleg, fru Blom). ”Love Can’t Wait” visar kor variert dette bandet er i uttrykket sitt. Det eigentleg ganske likt resten av plata. Men likevel forskjellig. Platas einaste nær pønkoppleving heiter ”Cathedral Echoes”. Pønk med ein sterk melodi. ”Don’t Have To Try” utvidar uttrykket til bandet endå 10 hakk. Ein ballade. Men det varte ikkje lenge før dei tok av att, ”The Endless Night” er meir britisk. Supergrassbritisk. Med piano. ”Loser In The Game” avsluttar i fin stil. Og leiar oss inn på ’Matsmotorvegen igjen. (Replacemnets= Placemats= Mats, geddit?). Ei veldig fin plate som dukka opp ut av ingenting. Ei plata som ved første lytting verkar grå og konturlaus. Men som veks og rett og slett ikkje lar deg sleppe laus igjen.

Det einaste problemet no er at plata er forsvunnen frå Bandcamp-sida deira. Det står berre at dei skal presse ho opp på nytt. Og gi den ut igjen 14. august. Så 300 eks blei for lite? Går ut frå at den då blir tilgjengeleg i andre format igjen, og.

Artikkeltags