Nick Lowe er ein singer /songwriter som har vore med lenge. Han gjorde sine første innspelingar så tidleg som i 1966. Han spelte i grupper som Brinsley Schwartz og Rockpile (saman med Dave Edmunds). På 1970-talet gjorde han seg kanskje mest bemerka som produsent, m.a. for dei tre første (og kanskje dei beste?) Elvis Costello-platene.
I 1979 gifta han seg med Carlene Carter, stedottera til Johnny Cash. Dette førte til eit nært samarbeid med countrylegenda. Høyr for eksempel den flotte versjonen Cash gjer av Nick Lowe sin song «The Beast In Me» på den første «American Recordings»-plata «CASH»
I 1992 var Lowe så heldig at ein av songane hans, «(What's So Funny 'Bout) Peace, Love and Understanding» blei brukt på soundtracket til filmen «The Bodyguard». Denne plata selde i enorme opplag, og vips: Nick Lowe blei millionær! Det medførte at han ikkje lenger var avhengig av å ta «kommersielle omsyn». Han har derfor konsentrert seg om å gi ut plater med høg personleg vri og kvalitet.
«At My Age» (den første sidan 2001) er ikkje noko unntak i så måte. Han har fått med seg sine faste musikarar; Boby Irwin, Geraint Watkins og Steve Donnely. I tillegg har han fått hjelp av m.a. Chrissie Hynde (The Pretenders) og den engelske storbandlederen Chris Barber på enkelte spor. Det har blitt ei kort (speletid litt over ein halvtime), men i høgste grad flott og variert plate. Lowe leverer etter prinsippet: kvalitet framfor kvantitet. (Det er nok av dei artistane som «fyller ut» platene sine med dårlege og unødvendige kutt).
Konklusjon: Kjapp deg og kjøp.
Stig Reiakvam