Terningkast 5: NI LIV

Artikkelen er over 4 år gammel

”Leva Meg Opp”

DEL

Korleis følgjer ein opp ei så fantastisk plate som ”Langhelg”? Plata frå 2011 står framleis som ei påle på alle måtar. Ei ganske uovervinneleg oppgåve for dei fleste. Men ikkje for Jon Solberg og Ni Liv. Som sist er musikken spelt inn live i studio. Så for andre gong får vi studioversjonen av det fantastiske konsertbandet. Og som tidlegare er Solberg involvert i det meste som vedkjem låtskrivinga. Vi snakkar som førre gongen om ei blanding av Alf Prøysen, Bruce Springsteen, John Mellencamp og Steve Earle. Med sterke låtar og solide tekstar. Den største forskjellen som eg ser det er skifte av plateselskap. Dei debuterer her på Grammofon.

Opninga ”Leva Meg Opp” tyder innleiingsvis på at den tilsynelatande fascinasjonen for Bruce Springsteen framleis er til stades. Med sitt bombastiske lydbilete og rullande piano. For ikkje å seie Meat Loaf. Vel og merke ”Bat Out of Hell” når det gjeld sistnemnde. Du kan gløyme alle andre utgjevingar Marvin Lee Day har hatt hovudrolla i. Trust me. "Kastanjehår" er ikkje like bombastisk, men den har stemninga og lydlandskapet. Med eit utruleg flott orgel, spelt av Terje Meisingset, liggande over, under og mitt i mellom. Deretter dreg dei i veg inn i powerpopheartland på ”Håkken e Du”. Ein låt med høg allsongfaktor. "Anneli" dreg på dans via ein tur innom New, Orleans. Ein svingande, mildt sagt, organisk låt der Solberg tar fram fela si. Også her har Meisingset og orgelet ein hovudrolle. Deretter går turen lengre vest, "Ventar På Ei Natt" er lyden av sørlige California på 70-talet. Levert av ein gjeng frå Telemark. "Nå Skal Eg Heim" er ein folkrock-låt med ein god historie. Nydeleg utført igjen med fela til Solberg i miksen. Meir bluesy på "Heng I", med slidegitar og tungt orgel. Beintøft, eigentleg. "Eg Bankar På" blir då ei naturleg fortsetting med sine nikk til Stones. Tidleg 70-tal. Med feit blåserekke. Meir vitalt enn Nanker & Phelge, minus Jones, har vore på over 40 år. Dei plukkar ikkje ned nokon ting som helst på "Plukke Draumen Ned", dei berre køyrer vidare i hjartelandet. "Verhane" som avsluttar plata bringar oss attende til Springsteen. Denne gongen på midten av 80-talet. Låten er ein fjern, mørkare fetter av ”I’m On Fire”. Med gotiske islett.

Og då er det berre å fastslå at Ni Liv alltid leverer. Sterkt. Og stadig meir variert. En skulle no tru at gruppa verkeleg hadde nådd toppen. Det har eg trudd før, håpar eg tar feil igjen.

No ventar eg berre på at vinylen skal dukke opp så eg verkeleg kan byrje å høyre på plata.

NI LIV

Artikkeltags