Terningkast 5: NI LIV

Artikkelen er over 6 år gammel

”Ein Kveld Med”

DEL

Ni Liv har nærast blitt ein institusjon etter fem plater. Ein under namnet Bygdabilly Band, fire under Ni Liv. Og dei to første gitt ut av Warner, dei tre siste stort sett på eiga hand. Det er då ikkje unaturleg at dei finn tida inne for ei oppsummering. Og det er ikkje dumt med tanke på det låtmaterialet Jon Solberg og gjengen rår over.

Låtutvalet spenner over heile karrieren, men med høgast representasjon frå dei tre siste platene. Og dessverre berre ein frå debutplata ”Bygdabilly Band”. Men den er for sikkerheits skuld platas høgdepunkt, for meg. Med ein orgelintro verdig Jon Lord i kortversjon og platas lengste låt, er ”Bø te Lonne” den beste songen her. Ei over seks minuttar lang høgoktan energiutblåsing. Eit anna høgdepunkt er ”Late Jon”. Den einaste låten som ikkje er gitt ut tidlegare. Her dreg Solberg fram fela si, og låten er og å finne på den medfølgjande seks-spors DVD’en.

Heile plata læt tett og fint heile vegen. Og passar like bra om du treng ein innfallsport til Ni Liv, eller for oss som har vore med ein stund: Ei suveren oppsummering.

Artikkeltags