Terningkast 6: NI LIV

Artikkelen er over 7 år gammel

”Langhelg”

DEL

Eg må jo berre innrømme at den femte plata til Ni Liv kom brått på meg. Eg skal ikkje sei at eg kvapp. Men eg sit litt groggy tilbake. Ikkje av overraskinga, men på grunn av den høge kvaliteten på plata.

Bandet som debuterte under namnet Bygdabilly Band, har med eit unntak hatt ein stigande kurve på karrieren sin. Som eg rekna med nådde toppen i fjor med ”Hallingspark”. Men der tok eg jammen feil. Den plata stanga i taket. Eg trudde ikkje det var mogleg å nå høgare. Inntil ”Langhelg” braut seg gjennom før nemnde tak. Og står fjellstøtt ute ved sidan av skorsteinen. Og taksteinane ligg strødd utover plenen nedanfor. Den vesle forskjellen ligg i det at denne plata er spelt inn heilt live i studio. Dette er lyden av konsertutgåva av Ni Liv. Som eg ved sjølvsyn fekk sjå og høyre i fjor. Og no endeleg får høyre studioversjonen av.

Opninga ”Hard Som Jønn” sit som eit skot. Og tek opp att Jon Solberg sin Bruce Springsteen- fascinasjon som dukka opp på tittelsporet i fjorårets utgjeving. Her levert i ånda til Springsteen-disiplane The Gaslight Anthem. Og teksten! For eit nivå Solberg har heva seg til. Levert så inderleg at Mari berre burde drite i heile redaktørjobben, mann og barn i Trondheim og flytte heim att til Bø. Det lyriske innhaldet til Ni Liv har heilt tydeleg blitt jekka opp eit hakk. Eg kan ikkje i farten komme på ein norsk tekstforfattar som ligg som ligg på same nivå som denne mannen (Okei, då. Stein Torleif Bjella). Og når han kombinerar dette med låtsmeden Solberg blir det eigentleg heilt uovervinneleg.

”Gruble i Kor” pensar seg inn på countryfolk-sporet. Med nok ein glimrande tekst. Ei livsbetraktning som svingar inno Descartes, Grieg, Trond Viggo, Ari Behn og Märtha, og Jehovas Vitner. Meir attendesjåande er ”Gynge”. Ei oppsummering av gode barndomsminne og ting som aldri blei noko av. Litt meir rocka og røff i lyden. Med innslag av powerpop. Men likevel nydeleg og harmonisk. ”Din Mann” er ein nydeleg kjærleikssong levert som litt uptempo folkcountry. Som Townes Van Zandt. Med eit flott organisk lydbilete. Med supert piano og nydeleg koring.

Litt røffare er det i ”Ho Har Det”. Ein litt meir rocka låt med eit lydbilete som har eit snev av lyden John Mellencamp trylla fram på fjorårets ”No Better Than This”. Det liknar ikkje i det heile tatt. Men det er noko med stemninga og innstillinga som eg oppfattar som så ekte og genuint. Og ein tekst om han som skulle gi opp damer. Helt til han treff HO. ”Kom Tebake” er endå meir streit heartlandrock. Der hovudpersonen fortel kor dritlei han er alle klisjear som blir brukt for å beskrive kjærleik. Men når han blir treft av Amors piler klarar han ikkje å la vere å bruke nettopp klisjear. For å uttrykke korleis han føler seg. Den følgjande ”Fram i Vegen Ein Stad” høyrest i byrjinga ut som noko som Sprinngsteen kunne ha levert på dei to første platene sine. Eit nydeleg nake piano som blir avløyst av ei sofistikert utgåve av, nok ein gong, The Gaslight Anthem. Og Warren Zevon på ”Sentimental Hygene”. Med breie, majestetiske gitarar. Mykje lyd. Einaste som manglar i forhold til sistnemnde referanse er at Neil Young kjem rasande inn med sologitaren sin. Med ein tekst om at ein kjem til å møte på dei som forsvinn, døyr, seinare ein gong. Noko dei fleste trøystar seg med.

”Hr. General” viser at Ni Liv også taklar countryblues av det råare slaget. Med ein tekst der Solberg har eit dramatisk oppgjer med ei snusøskje. Endeleg er apen av ryggen.

Ein song om vennskap kjem i ”Gamle Venner”. Det er alltid nokon du kan stole på. Country med fele. Som blir spelt av Jon Solberg. Han har fått seg ein ny hobby dei siste åra. Hardingfela. Og har gått så langt at han meldt seg inn i det lokale spelemannslaget. Og har dermed gitt seg sjølv og bandet ein ny dimensjon. ”Må Bare Må” fortset med fela tydeleg til stades. Ein fin spretten, banjodriven folkcountrylåt. Tyngre og meir dvelande er ”Tida Er Inne”. Med ein heilt nydeleg gitarsolo. Nok ein fin kjærleikssong med eit for plata utypisk lydbilete og melodiføring. Men ikkje malplassert.

”Hallo Gentlemann” tek oss attende til andre verdskrigen. Kanskje litt svulstig og vel overambisiøst for dei fleste. Men ikkje for Ni Liv. Det har seg nemleg sånn at mormora til Jon Solberg var søskenborn til Jan Baalsrud. Mannen som Arne Skouen sin film ”Ni Liv” frå 1959 handla om. Og endeleg får Solberg fortelje historia som ligg bakom bandnamnet. Platas høgdepunkt tekstmessig. For ikkje å seie Piece De Resistance. (Og der kom det jammen ein Springsteen-referanse til.) Musikalsk ligg låten i alt.country-land på 90-talet. Som Old 97’s og V-Roys. Sjølv om den rykande orgelsoloen midtvegs ligg nærare Deep Purple.

Om du ikkje har skjønt det før, dette er ei fantastisk plate. Ei blanding av Alf Prøysen, Bruce Springsteen, John Mellencamp og Steve Earle. Med sterke låtar og tekstar av ei anna verd.

Så kva ventar du på? Løp og kjøp! Er du rask klarar du kanskje å få tak eit av dei 300 eksemplara på vinyl.

Artikkeltags