Terningkast 5: Meir, meir, meir

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Vår platemeldar ønskjer seg endå meir frå The Thank Yous.

DEL

THE THANK YOUS- “100% middleclass indie”  (Apollon Records)

The Thank Yous  er ein ny norsk superduo beståande av Petter Folkedal, betre kjend som Sergeant Petter, og Lars Lundevall, frå deLillos.

Saman har dei laga eit minialbum. Med seg har dei Folkedal sin supergruppekollega frå Evig Din For alltid, Frode Unneland. På trommer. Som trass all involveringa i Bergensk musikkliv gjennom åra, nok er mest kjend som trommeslagar i Savoy.

Dei to har delt låtskriving og vokal mellom seg, dei har hand om tre låtar kvar.

Folkedal opnar med “Not The Only One”, ein blanding av powerpop og glam. Breibeint så det held. Med Lundevall til tider i rolla som gitarhelt.

Om dei i framtida finn ut at dei skal gå heile vegen og gi ut eit heilt album, vil det bli tatt i mot med opne armar her. Dette var verkeleg bra!

Roald Hansen

Eighteen” som er Lundevall sitt første bidrag blir difor litt overraskande. Fin smektande vestkustpop. Med fine harmoniar.

Folkedal er veldig Sergeant Petter på “Piece By Piece”. Og like solid som han vore sidan debuten i 2002.

“Playgirl” og Lundevall er litt stakkato i byrjinga. Og litt undervegs. Nesten new wave. Men den utviklar seg fort til ein standard poplåt i høgt tempo. Med litt, faktisk, deLillos-stemning over refrenget.

 Petter Folkedal, betre kjend som Sergeant Petter, og Lars Lundevall, frå deLillos.

Petter Folkedal, betre kjend som Sergeant Petter, og Lars Lundevall, frå deLillos. Foto:

Det kvilar litt Stones-stemning over byrjinga på “Living On The Edge”. Med kubjelle og det heile. (More cowbell please;-)). Men den føyar inn i falden til dei meir rocka innslaga frå Folkedal.

“Brian Jones” har også Stones-inspirasjon. Men mest tydeleg i teksten. Sjølve låten er meir smektande popmusikk frå Lundevall. Og det dei her avsluttar plata, tar eg meg i tenke at den er for kort.

Om dei i framtida finn ut at dei skal gå heile vegen og gi ut eit heilt album, vil det bli tatt i mot med opne armar her. Dette var verkeleg bra!

Artikkeltags