Terningkast 5: PURSES - “Obsess Much”

PURSES - "Obsess much"

PURSES - "Obsess much" Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Utan at det forandrar noko som helst. Musikkollektivet frå Athens, Georgia leverer igjen.

DEL

PlatemeldingEtter The District Attorneys sin flotte “Slowburner” frå 2012, har vi fått i kvart fall ein delvis oppfølgjar. Ein kontinuitet ivaretatt av vokalist Drew Beskin og Frank Keith IV. Spesielt vokalen gjør det lett å høyre kven vi har å gjøre med.

I tillegg har dei hjelp frå musikarar frå sørstatsband som Ruby the Rabbitfoot, Modern Skirts, Grand Vapids, Crooked Fingers, Ruby Blue Blood og Gift Horse. Alt saman artistar vel verde å sjekke ut.

PURSES hold same høge kvalitet på låtane sine som The District Attorneys. Med det same behagelige lydbiletet, berre endå litt rundare i kantane. Til tider over mot sørstats-soul. Men også låtar der dei, til liks med forgjengaren, drar på litt ekstra. Som på “White Wire Handle”.

HØYR PÅ SPOTIFY

Artikkeltags