Pogo Pops si sjuande plate gjekk meg hus forbi, men det gjør jo eigentleg dei fleste plater om ein tenker på det. Skal eg vere ærleg er jo over 99 % av platene som kjem ut uinteressante for meg. Men likevel finst det framleis hundrevis, for ikkje å seie tusenvis, av plater som er interessante.
Og her kjem sjølvsagt Pogo Pops inn i bildet, med si første plate på fem år. Denne gongen berre litt seinare. Ikkje for det, eg kjøpte plata på vinyl når den kom i mai. Men eg gløymde den. Ja ja ja, eg veit det, ting går litt over stokk og stein her av og til. Og ting blir arkivert alt for tidleg. Men det er eigentleg enklaste måten å finne igjen ting på, ein må berre komme på at ein har det. Og når nokon minner deg på det tilstrekkeleg talet på gongar, hjelp det sjølvsagt på.
Så her er vi no, på tide å endeleg hogge inn. Og hogge i gong på sedvanleg Pogo Pops-vis gjør dei på «Bright Lights". Vel, ikkje akkurat hogge. Men uptempo, vellydande poprock med Hammersland si lett attkjennande og karakteristiske stemme i sentrum. Med ein leiken saksofon i den frå midten til avsluttinga av låten. Særs flott og effektivt. Og melodiane kjem lett og avslappa, eit handverk dei no etter kvart har brukt 30 år på å finpusse.
"The Blue Beyond"; fortset like lett og avslappa. Stadig i høgt, stødig tempo. Denne gongen med lydbilde og harmonisong som leiar tankane hen til Electric Light Orchestra. Noko som i pop og powerpopkretsar med tida har blitt blant dei beste komplementa ein kan få.
Dei slappar heilt av på "The Way It Goes", ein så klassisk Pogo Pops-ballade som ein kan få. Eit låtformat bandet har meistra sidan "Man Inside My Head" på debuten for 27 år sidan, og no som då leverer Hammersland vokal så det held. Med naturlege avslipinga som åra har gjort, han var råare på debuten. Utsøkte strykarar frå Mari Persen og Florø-musikaren Matias Monsen, gir låten ein ekstra mjuk og mollstemt Beatles-dimensjon.
"Running"- er trass i tittelen ein rolegare, meir tilbakelent utgåve av bandet. Ikkje rolegare når ein kjem til tempo, men kanskje litt ...småkjedeleg? Den plasserer seg som ein litt fjern slektning av Smashing Pumpkins sin ”1979“, med litt av pianoklimpringa frå "Riders On The Storm" som krydder. Og med fin vokal frå Christine Sandtorv. (Ephemera)
Då likar eg betre jazzbossanova-popen på "Architect", monaleg betre. Ein kul sval, slentrande; og i mangel av ein teitare beskriving; sløy låt. Men veldig fin. Ein sommarlåt for sommaren som aldri kom heilt i år. Eller i fjor. Litt den same sydlandske stemninga som til dømes The Young Rascals og "Groovin’" gir meg, utan samanlikning elles. Ei lun og fin avslutting på side ein.
"In December" fortel meg ikkje at vinteren kjem, den er her allereie. Men i motsetnad til andre som fortel deg at ein kommande vinter er ein ting å frykte, har bandet gjort det varmt og koseleg. Og Persen og Monsen sine strykarar hjelp til med det, i tillegg til at den halvrolege låten nok ein gong gjev eit nikk til den seine Beatles-utgåva.
Men det var ikkje vinter så veldig lenge, "These Summer Days" fortel oss noko anna. Og vi er raskt attende i den svale, slentrande stemninga som avslutta side ein på plata. Her med måkeskrik og lyden av bølger. Komplementært med ein fin accordion-solo.
"This Is The Night" tek oss frå strandliv, sol og måkeskrik. Og inn i natta. Aukar tempoet og trykket opp igjen til "Crash“-nivå. Pogo Pops i 90-talsmodus. Litt powerpop. Kontrollert, litt svevande og drøymande. Samt at nettene med Pogo Pops er fine og trygge, det er ikkje noko her som lurer deg ut på skråplanet.
Når vi nærmar oss slutten på side to med "Love Is The Greatest Compass" som fortset i same sjanger, stikk produsent Yngve Sætre innom med tivoliorgelet sitt, og tilset ei lita dose galskap. Ein galskap vi har alle sakna sidan Barbie Bones la opp i 1993! Ikkje det? Har nokon høyrt om dette Bergens-bandet? Ikkje så mange der heller, nei. Samme det, livet gå vidare.
Og det gjør også Pogo Pops med "Curtains", sjølv om dei rett nok takkar av for denne gong. Her med Viggo Krüger bak mikrofonen, på ein etter Pogo Pops-standard, umelodiøs låt. Men derimot dvelande, malande; på berre ein akkord. Både dyster og oppløftande på same tid. Med akustiske gitarar, keyboards og enkel perkusjon. Om teksten er ein svanesong for nokon eller eit avskjedsbrev - er vel eigentleg mykje det same? Ikkje veit eg. Men ein ettertenksam, fin og litt annaeies avslutting er det uansett.
Den over 30 år gamle popgruppa er enno ikkje hemma av alderen, og leverer veldig godt også i 2017. Den einaste som kan stå fram litt hemma her er platemeldaren, det tok trass alt nesten fire månader å få fram ei platemelding.