Terningkast 5: Go'e ting frå Dvergene

De musikalske dvergene.

De musikalske dvergene. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

DE MUSIKALSKE DVERGENE- "Go'e Busser"

DEL

Når eit band startar opp med kredoet Garantert Ambisjonsløs Rock. Kaller debutsingelen frå 1985 det same, og framleis held på over 30 år seinare. Då er det noko som har gått gale. På ein måte. På ein annan side har det vore ei glede å følgje Dvergene og platene i denne tida. Utgjevingar med ein gjennomgåande høg kvalitet. Og for meg nådde dei for så vidt formtoppen på plata "Tunge Steiner" frå 2012. Dei har fortsett den gode trenden frå den gong, med å nytte Ole Reinert Berg Olsen som produsent og musikar. Dei fortset på den same vegen i år.

På opninga går turen med kollektivtransport; "Bussen" er kledd i eit passeleg EddieCochran/EverlyBrothers/Rockpile-drakt. Passeleg rask og rocka, med det nødvendige trykket.

Dei roar heilt ned på den sjølvransakande og bondeangrende "Det va'kje meningen". Nydeleg melodi og elegant tekst.

Tekstane også på denne plata er betre enn litteratur.

Roald Hansen

"Det var gale før" går i ein litt gyngande New Orleans-bluestakt med flott piano og den første teksten som verkeleg set meg ut. Grønhaug er litt tøff i trynet (du skremmer ikkje meg då, Helge), med mellom anna tekstlinja:

"Eg ska gje deg politiet, sa eg kald som en kjeller, når det kommet te støkke e det nevvene som gjelder."

Eit av mange eksempel på at tekstane også på denne plata er betre enn litteratur. Og glimrande observasjonar korleis hjelpeløysa brer om seg meir og meir.

Dei gyngar vidare med "Tiden Kryper" litt sånn derre slentrande 70-tals Stones-komp- og T-Rex-komp. Veldig groovy på refrenga.

"Trappevasken" tek ei litt anna retning, låten om gleda ved å vaske trapper har eit litt karibisk preg over seg.

Livsstilbetraktinger har vel ikkje vore det Devergene har vore mest kjend for tidlegare, men "Dryg rundt beltet" er nærast "Nei, Så Tjukk Du Har Blitt" i ein viserockversjon. Fin den, men meir ein bagatell.

Dergene framfor Sølvsneglen.

Dergene framfor Sølvsneglen. Foto:

"Eg har sett deg" slentrande vidare, med eit litt avslappa og attendelent lydbilete. Litt Louisiana med slidegitar og trekkspel.

Litt meir skummelt på "En bil langs veien", som ein slektning av Tom Petty sin versjon av Nick Lowe sin "Cracking Up". Glimrande, og mellomspelet på låten til Dvergene topper dei forannemnde.

"På et stille hotell" er heilt nede igjen, ein lågmælt ballade med ein tekst som går langt i å antyde både det eine og andre. Utan at eg skal antyde nokon ting som helst.

Underfundige betraktingar er noko av det eg liker best når Grønhaug tek pennen fatt, og "Glatte sko" er i så måte henta frå øvste hylle. Gode observasjoner no når vinteren er på veg, levert på ein roleg og behageleg måte.

"Ryktet" girar opp at litt no når vi går mot kveld, igjen med litt groovy og småfunky tonefølgje.

Dei avsluttar med den fine, litt stakkato "No e' eg våken". Tydelegvis med tankar som dukkar deopp når ein prøver å sove. Igjen med eit busstema.

Årets plate, bandets åttende, er eit fint bidrag til diskografien deira. Ei flott plate både for nye og gamle lyttarar

Artikkeltags