Platearbeidaren - Roald Hansen

Platearbeidaren - Roald Hansen Foto:

Platearbeidaren melder:

Les dei siste platemeldingane til musikkeksperten i Firdaposten.
Dag Nesbø FrøYen
Av
Publisert
DEL
Les dei siste platemeldingane til musikkeksperten i Firdaposten.

Cosmic Rough Riders “Chrome Cassettes” (You Are The Cosmos Records)

Cosmic Rough Riders

Cosmic Rough Riders

 

Fjorårets download only-album er endeleg ute i vinylform. Og er sjølvsagt verdt ventetida. Framleis i anda til Big Star og landsmennene Teenage Fanclub, utan å ligge attende for sistnemnde. Dette er suveren popmusikk med alle dei rette tilsettingane. Les: powerpop, folk, americana etc.

Lenke til info

 Sweden “Oh Dusty” (Vestkyst Records)

Sweden- Oh dusty

Sweden- Oh dusty

Bandet med det, i ein norsk samanheng, snåle namnet er ute med si tredje plate. Men det er ikkje noko snålt eller rart med musikken, her snakker vi om grisefin powerpop. Med ekko av det svenske bandet Brainpool. Musikk som får meg i godt humør, gir meg lyst til å slåst med ein bjørn. Skyte ein Hjorth. Vel, du skjønar kva eg meinar.

Spotify

Artikkeltags