Platearbeidaren kastar terning 5

Platearbeidaren Roald Hansen.

Platearbeidaren Roald Hansen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sjå kven som får ein femmar på terningen.

DEL

THE FELICE BROTHERS - “Life in the Dark”

Må seie at eg mista litt av sikten på The Felice Brothers på “Celebration Florida”, gitt ut i 2011. I mine øyre eit mislukka forsøk på å modernisere lydbiletet. “Favorite Waitress” tre år seinare retta heldigvis opp att det dårlege inntrykket eg hadde av brørne. Og no endå to år seinare kjennest det ut som dei er attende i full form.

The Felice Brothers- Life in the dark.

The Felice Brothers- Life in the dark.

Med den sedvanlege blandinga av dei lett vindskeive, halvkrakilske låtane som “Aerosol Ball”, “Jack At The Asylum” (roleg, ja vel. Men med galskap like under overflata), “Sally!” og “Dancing On The Wing”. Ofte instrumentert med trekkspel og/eller fele.

Den meir konvensjonelle rockelåten i “Plunder”. Blir ein annan variabel.

Men det som virkelig gjør plata til det den er, dei rolige låtane. “ Life in the Dark”, “ Triumph ‘73” og “Diamond Bell”. Sistnemnde om revolverkvinna med samme navn.

Som tidlegare er musikken americana/folk av det skranglete slaget første gong levert av Bob Dylan og The Band på slutten av 60-talet, og Marah som dei læt på debutplata frå 1998.

Alt i alt ei flott plate. Og vel verdt ventinga.

HØYR PÅ SPOTIFY

BUN E. CARLOS -“Greetings From Bunezuela”

Bun E. Carlos

Bun E. Carlos

Nesten 40 år etter at han platedebuterte med Cheap Trick, har Carlos funne tida moden for å solodebutere. Sjølv om han er meir som trommeslagar og kapellmeistar å rekne. All synginga blir utført av andre.

Og det er litt av eit lag han fått med seg. Som til dømes Randy “Xeno” Hogan (den opphavlege vokalisten i Cheap Trick), John Stirrat (Wilco), Dave Pirner (Soul Asylum), Robert Pollard (Guided By Voices), Rick Rizzo (11th Dream Day) og Alejandro Escovedo.

Ein ganske så eklektisk gjeng, der altså. Til liks med låtutvalet som alle er coverversjonar. Av mellom anna The Rolling Stones, Them, Paul Revere and the Raiders, Bob Dylan, The Who, Bee Gees. Etter forholda ganske trygt. Men han ovverraskar mot slutten ved å gi plata ei norsk vri. I form av Fra Lippo Lippi sin “Count On Me”. Utan eg nokosinne kan seie å ha høyrt låten før. Men det er ein flott powerpop-låt.

Som resten av plata. Legg årets summarferie til Bunezuela. Om du har mi legning angåande musikk, blir du ikkje skuffa.

Purses- "Obsess much"

PURSES - "Obsess much"

PURSES - "Obsess much" Foto:

Utan at det forandrar noko som helst. Musikkollektivet frå Athens, Georgia leverer igjen.

Etter The District Attorneys sin flotte “Slowburner” frå 2012, har vi fått i alle fall ein delvis oppfølgjar. Ein kontinuitet ivaretatt av vokalist Drew Beskin og Frank Keith IV. Spesielt vokalen gjør det lett å høyre kven vi har å gjøre med.

I tillegg har dei hjelp frå musikarar frå sørstatsband som Ruby the Rabbitfoot, Modern Skirts, Grand Vapids, Crooked Fingers, Ruby Blue Blood og Gift Horse. Alt saman artistar vel verde å sjekke ut.

PURSES hold same høge kvalitet på låtane sine som The District Attorneys. Med det same behagelige lydbiletet, berre endå litt rundare i kantane. Til tider over mot sørstats-soul. Men også låtar der dei, til liks med forgjengaren, drar på litt ekstra. Som på “White Wire Handle”.

HØYR PÅ SPOTIFY

Cosmic Rough Riders “Chrome Cassettes” (You Are The Cosmos Records)

Cosmic Rough Riders

Cosmic Rough Riders

Fjorårets download only-album er endeleg ute i vinylform. Og er sjølvsagt verdt ventetida. Framleis i anda til Big Star og landsmennene Teenage Fanclub, utan å ligge attende for sistnemnde. Dette er suveren popmusikk med alle dei rette tilsettingane. Les: powerpop, folk, americana etc.

Lenke til info

 Sweden “Oh Dusty” (Vestkyst Records)

Sweden- Oh dusty

Sweden- Oh dusty

Bandet med det, i ein norsk samanheng, snåle namnet er ute med si tredje plate. Men det er ikkje noko snålt eller rart med musikken, her snakker vi om grisefin powerpop. Med ekko av det svenske bandet Brainpool. Musikk som får meg i godt humør, gir meg lyst til å slåst med ein bjørn. Skyte ein Hjorth. Vel, du skjønar kva eg meinar.

Spotify

Artikkeltags