Terningkast 5: Herleg, høgstemt og akustisk

Lillian Samdal.

Lillian Samdal. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Lillian Samdal- "Fire vintrar"

DEL

Ny plate: Artist frå FjalerDen største overraskinga eg har høyrt på veldig lenge, kjem frå Fjaler.

Samdal er utdanna kunstnar ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen og Manchester Metropolitan University.

Musikalsk bakgrunn har ho i kretsen rundt Sondre Lerche, Hans Petter Gundersen og Kato Aadland. Sistnemnde produserer i sitt studio Fort Knox på Havnelageret i Bergen.  "Fire Vintre"  blei etterkvart resultatet etter at ho starta å lage låtar i 2009.

Og for ei plate dette er blitt. Den høyrdest faktisk ganske snål ut første gongen. Men det gjekk over i noko heilt anna.

"Alt" opnar plata litt famlanda. Med piano, trekkspel, nykkelharpe, kontrabass, gitar. Og med litt atonal vokal. Ganske lågmælt, med stemma som berande kraft. Og det veks.

Dei legg til litt forsiktig perkusjon på "Dagar". Og lar stemma verkeleg komme til sin rett. Ei stemme som tålar briljering.

"Vise" har ei kort stund noko som liknar på rytme og driv. Utan at eg saknar det, intensiteten i uttrykket elles gjer dette meir enn nok interessant. Teksten her er elles av det morbide slaget. Har ho latt seg inspirere av samfjaling Jakob Sande?

Der er større melodiøsitet på "Smal Reim". Og igjen lar ho stemma gjere mykje av instrumentarbeitet her. I tillegg til at den høyrest ut til å vere rikt instrumentert. Platas så langt beste låt.

"Vatn Ved Ei Bru" går meir jazzvegen. Og eg må berre spørre, endå ein sunnfjording som vil ha tog til fylket? (Ref: Steinar Karlsen "Tog Til Sunnfjord").

Den første klare folkemusikk-låten kjem med "Tung Av Snø". Men også samstundes den låten som er farga av innspelingsstaden Aadlands Fort Knox, Bergen.

"Ting" roar det heile ned. Men den er ganske dronete og intens likevel.

Den høyrdest faktisk ganske snål ut første gongen. Men det gjekk over i noko heilt anna.

Roald Hansen

Sjølv om utgangspunktet på "Innfall" er visesang, blir den etter litt oppbygging ganske storslått. Med nydelege koringar.

"Gjennom Vinteren" byrjar med eit nakent piano, og ei naken stemme. Og i den grad ein på denne plata kan seie rulle ut kavaleriet, gjer dei det her etter kvart. Lett kavaleri vel og merke. Tandert og pent.

Fuglekvitter og ein akustisk gitar opnar "Ei Lukke". Ei låt med fokus på nydeleg vokal og koring.

"Så Lang Er Vegen" avsluttar denne herlege plata. På vegen på Vestlandet, on the road again. Med passelege dosar folkemusikk, ein slags americana. Langsamt, dvelande. Nydeleg vokal. Og kjensla av sakte, men sikkert nærme seg målet.

Ein fin og var avslutting. Særs passande.

Artikkeltags