Terningkast 5: MOTORPSYCHO

Artikkelen er over 9 år gammel

"Child Of The Future"

DEL

Årets utgjeving er ei stor forbetring frå fjorårets "Little Lucid Moments". Og det er eine og åleine fordi vi her snakkar om eit heilt anna kaliber på låtmaterialet, lydmessig er det ganske likt.

Frå opninga "The Ozzylot (Hidden In A Girl) " leverer dei på rekkje og rad sju fine låtar. Gode melodiar, fine refreng og over halvparten under seks minuttar. Og nettopp det at dei denne gongen fattar seg i kortheit, lengste låten her er 12 minuttar kortare enn den tilsvarande på førre plata, gjør dette til ei langt meir positiv oppleving.

Etter ei opning med tre ganske standard Motorpsycholåtar, ei blanding av prog, pønk og stomerrock, slår dei tilsynelatande heilt om på "Cornucopia (... Or Satan, Uh... Something)" med ei kjenslevar pianointro, før dei slår over i noko som kunne ha vore levert av Pink Floyd på 70-talet (tenk One Of These Days"). Dei held trykket heilt ut, heile tida med piano i botnen.

"Mr. Victim" introduserer igjen det frenetiske, melodiøse Motorpsycho, akustiske gitarar får oss attende til verkelegheita på ”The Waiting Game”, platas rolegaste og vare augeblink. Som held seg heilt ut utan for mykje støy.

Men dette tek seg sjølvsagt opp att på siste låten, "Child Of The Future", låten som avsluttar det som er ei utgjeving med Motorpsycho attende i god form og der eg likar dei best.

Plata er spilt inn av superprodusent Steve Albini i hans Electrical Audio Studios i Chicago, kjem ut berre på vinyl, kvit for å vere på den trygge sida, og lyden er heilt fortreffeleg.

Artikkeltags