Terningkast 5: MORTEN ABEL

Artikkelen er over 11 år gammel

"Some Of Us Will Make It"

DEL

På si femte plate gjer ikkje Abel noko nytt og banebrytande.

Det synest eg er helt greitt.

Eg har sansen for det Abel har gjort på soloplatene sine, og det er greitt, det var nok 99-utgjevinga "Here We Go Then, You And I" som gav han tittelen popkonge. Den er framleis den sterkaste soloplata hans. Men årets plate står i mine øyre ikkje så veldig langt tilbake for denne.

Frå starten, via singelen "Big Brother", "River Phoenix" og "Stars" trillar han fram den eine popperla etter den andre. Og det er aldri tvil om kven dette er, Abel har faktisk eit ganske kraftig særpreg både musikalsk, vokalt og tekstmessig.

Med seg har han siste faste følgjesvein, Bjørge Fjordheim, i tillegg hjelper Jørgen Træen, Michael Ilbert og Yngve Sætre til.

Glimrande handverk, rett og slett!

På si femte plate gjer ikkje Abel noko nytt og banebrytande. Det synest eg er helt greitt.

Artikkeltags