Terningkast 5: MOLLY THOMAS, ROD PICOTT, JON BYRD

Artikkelen er over 7 år gammel

Tre plater frå C-U! Publicity

DEL

Det er ikkje ofte ein er heldig å få tilsendt tre gode plater i same sendinga. Men konvolutten frå C-U! Publicity inneheldt akkurat det. Til overmål var det tre for meg ukjende artistar. Alle amerikanske. Og alle innan det ein kan kalle americanasjangeren.

MOLLY THOMAS

“Make Everything Bright”

Molly Thomas har gitt ut minst ei plate tidlegare. Og om den er noko i nærleiken av denne, er den også verdt å leite opp. Ein artist som lettast kan beskrivas som ein hybrid av Lucinda Williams, Sheryl Crow (i ’96) og Rosie Flores. Med andre ord, ikkje noko nytt eller originalt. Men ein artist med god hand på låtskrivinga. Så lenge kvaliteten på låtane ligg på eit nivå som her er det berre nøydt til å bli bra. Med låtar som mellom anna ”35’s Got You Down” (høgdepunktet på plata som er ein heilt glimrande midtlivskrisebeskriving), ”Leavin’ In My Blood” og ”You’re A Sorry One”, kan det ikkje gå gale.

Eigentleg heilt uovertruffent!

ROD PICOTT

”Welding Burns”

På det som verkar å vere mannens sjette plate (korleis har eg unngått å oppdage noko så bra?) har han skrive tre av songane med Slaid Cleaves. Ein artist som ligg på det same høge nivået. For at nivået her er høgt, er heva over ein kvar tvil. Musikken er i utgangspunktet countryinspirert. Med visse innslag av blues. Og at mannen gjorde rett i å gi opp karrieren som bygningsarbeidar for å satse som singer/songwritar tar ikkje mange sekunda å innsjå var riktig. Dette er fantastisk bra. Han levarer tekstar inspirert av fortida si. Ikkje alltid så optimistiske og positive. Men saman med musikken blir det ofte på grensa til nydeleg. Musikalsk snakkar vi om same landskapet som John Hiatt og Ken Will Morton.

Høgdepunkt: mange, men spesielt tittelsporet, ”Welding Burns”.

JON BYRD

”Down At The Well Of Wishes”

Den tredje plata her er den som ligg nærast countryen. Vekse opp i Alabama og basert i Nashville, Tennessee. Og læt som ein blanding av Will T. Massey, Guy Clark og Steve Earle. Sistnemnde når han var litt meir interessant. Med eit autentisk ”gammaldags” lydbilete. Og ni songar av særs høg kvalitet. Som sjølvsagt er for lite. Og det er einaste ankepunktet eg har mot plata. Men det er sjølvsagt godt å høyre ei plate der det ikkje er eit fnugg av noko overflødig. Det er jo sjølvsagt berre å spille plata gjentekne gongar. Mange gongar.

”When It Starts To Rain” (sjeldan har eg høyrt ein meir passande låt i år), ”In A Chest Of Skin And Bone” og ”A Fond Farewell” er berre tre av ni grunnar til å skaffe seg denne utgjevinga.

Av og til føler eg meg bortskjemt når eg mottek nye plater. Desse tre platene er ei sånn anledning.

Av og til føler eg meg bortskjemt når eg mottek nye plater. Desse tre platene er ei sånn anledning.

Artikkeltags