Terningkast 5: Meg og kameratane mine

Artikkelen er over 5 år gammel

ONKEL TUKA ”Musekongen Blues”

DEL

Etter at Martin Hagfors og Håkon Gebhardt under namnet Meg og Kammeraten Min i fjor gav ut den flotte barneplata "Det e'kke bra før det er dårlig", er det ikkje unaturleg at Onkel Tuka prøver seg på det same. Og dei gjer meir enn å prøve. Dei lukkast så til dei grader.

Forskjellen frå plata til Hagfors og Gebhardt er at Onkel Tuka er 100 % seg sjølve. Musikalsk kan ikkje eg seie at eg høyrer forskjell på dei når dei lagar musikk for barn, i forhold til det dei gjer til vanleg.

Tekstane er til tider tilpassa barn, men ikkje verre enn at eg fint klarer å høyre på dei. Og om dei samstundes klarer å nå det publikummet denne plata i utgangspunktet er retta mot, har dei oppnådd mykje.

Låtane er i hovudsak skrivne av bandmedlem Håkon Ohlgren, av og til med hjelp frå mandolinist Kjell Pop eller Geir Sundstøl. Har også spedd i nokre klassikarar. ”Bil Bil” (Riding in my Car) av Woody Guthrie og ”Gris i Grisehus Blues” (Pig in a Pen). Sistnemnde opphavleg ein bluegrassklassikar gjort av mellom anna Stanley Brothers og Bill Monroe. Samt togsongen ”Godstog” (Freight Train) av Elisabeth Cotton. Som er gjort med tuba- og klarinettkomp av Roger Fjeldet og Knut Henriksen frå Halden-baserte Det Norske Blåseensemblet. Nemnde ensemble gjør også ein fantastisk innsats på årets Tom Russell-utgjeving, ”Aztec Blues”.

Men klassikarar eller ikkje, låtane til Ohlgren og kompani ligg ikkje attende for dei. Kvaliteten på låtane ligg på nivået vi er blitt vande med på Onkel Tuka-plater.

Artikkeltags