Terningkast 5: MARK UTLEY

Artikkelen er over 5 år gammel

"Four Chords and a Lie"

DEL

Då Mark Utley tidlegare i år tidlegare i år køyrde i gong Kickstarter-kampanjen sin, var det ikkje berre ei plate han hadde på beddinga. I tillegg til den forventa Magnolia Mountain-plata, hadde han skrudd saman ei solo-plate. Grunnen var sjølvsagt at han hadde skrive ein del låtar han følte ikkje passa inn verda til bandet sitt.

No har han i staden eit nytt band, Bulletville, på halvparten av låtane. Og då går det plutseleg i reinspikka countrymusikk. "Waitin' on Ruby Raye", "Not All Right Together", "Nothin' But Time", "Tell Me Again" og "Out in California" er alle genuin countrymusikk. Og eg kjennar at musikk av denne type og kvalitet er blitt mangelvare i dag. Alle saman rimeleg uptempo countrymusikk. Med unntak av "Out in California", som er ei nydeleg ballade med eit flott piano i countrykompet. Han fortset piano- og balladesporet på "The Southbound Lane". Her i ein nydeleg duett saman med Renee Frye frå Magnolia Mountain. Dei resterande fire låtane er Utley solo. To av dei, "Make Me" og "Blackbird On the Wire" heilt aleine med berre akustisk gitar i tillegg til vokalen. På "Little Black Dress" har fylt det opp litt med ein stor, twangy elektrisk gitar. "Say a Prayer for Me" avsluttar plata og har i tillegg til akustisk gitar, orgel og piano. Den litt rolege låten er heilt nydeleg.

Ei flott avslutting på ei plate som viser at Utley etter kvart har fått eit breitt og flott repertoar å spele på. Og eg har enno ikkje tatt for meg den nye Magnolia Mountain-plata. Den saman med den kommande Two Cow Garage-plata, gjer 2013 til eit sterkt musikkår for Ohio.

Kjøp her

Artikkeltags