Av og til må eg innrømme at eg byrjar å lure på meg sjølv. Eg såg denne plata og tenkte at endeleg har Mark Olson komme med ei soloplate.
Det er faktisk den tredje, eg har også dei to første! Trudde med meg sjølv at dei var to av utgjevingane til The Original Harmony Ridge Creek Dippers.
Ja ja, kanskje på tide å ta eit djupt andedrag og finne ut kva ein held på med?
Mark Olson var halvparten av den kreative duoen på dei fire første platene til The Jayhawks, ein av faneberarane til alt.countryen.
Men så fekk kona Victoria Williams MS, og han fann ut at det var på tide å hoppe av sjølv om gruppa var på randa av eit stort gjennombrot.
Saman flytta dei ut i Joshua Tree-ørkenen i California og starta på nytt ved gje ut platene sine sjølve under namnet The Original Harmony Ridge Creek Dippers, etter kvart forkorta til The Creekdippers.
Og sjølv om dei to Olson-platene nemnd innleiingsvis var i Olson sitt namn, var dei nok i realiteten Creekdippers-plater.
Så etter 7 plater med The Creekdippers av varierande kvalitet, ekteskapsbrot, sjølvmord i familien og to år på flyttefot på grunn av at han miste huset sitt, så returnerer Olson med det som kan kallast hans eigentlege debutalbum.
Og det er faktisk det beste han har gitt ut sia Jayhawks-tida. Det er også første gongen sia Jayhawks Olson samarbeider med eks-kollega Gary Louris på plate, han deltek på 3 songar.
Tekstmessig dreiar plata seg om dei 2 turbulente åra han har gått gjennom, men ofte fører liding til stor kunst. Slik her òg.
Musikalsk ligg han i det leiet som gjorde The Jayhawks til ein sånn glimrande idé, countrymusikk med litt skarpare kantar og større djupn enn det som er vanleg. Også kalla alt.country.
Og om plata verkar blass og konturlaus i byrjinga, så kan ein trygt seie at dette endrar seg fort.
Kan anbefalast!