Terningkast 5: MARIUS KRISTIANSEN

Artikkelen er over 5 år gammel

”Statements”

DEL

And now for something completely different!

Vel, eigentleg ikkje. Om eg ikkje blei særleg imponert over Kristiansen si førre plate, ”The Movement”, hadde ho sine augeblink. Men dette er ei betre plate. Mykje betre.

Kristiansen har etter kvart opparbeidd god erfaring som produsent og teknikar. Og som musikar for Lars Fr. Beckstrøm (deLilloS); og bandmedlem i Bob Hailey og The Humble Servants.

Men her er det soloartisten Kristiansen som gjeld. Og han har fått hjelp frå Rune Berg, The Margarets, Number Seven Deli, Hakan Markussen. Han har stilt opp som produsent og tatt med seg Rickenbackeren sin. Og har gjort denne plata til ein fest. Han har sørga for at Kristiansen har gått i ein meir powerpop og vestkystaktig retning. Med islett av Tom Petty.

"That's The Way It's Gonna Be" er i så måte ein manifestasjon på det nemnd over. Opninga er nærast eit drønn av orgellyd, Rickenbacker og Mike Campbell-gitar. Eit drønn som sjølvsagt ikkje er eit drønn. Men mykje god lyd. Som hadde vore uvesentleg, om ikkje det var ein god låt. Gode låtar er noko denne plata fløymer over av.

Endå litt meir lettbeint, trippande og melodiøst på "Sing A Song". Litt småpsykedelisk. Med fine strykarar og fine harmoniar.

"Don't Turn Your Back On Love" kastar meg, grunna vokal og instrumentering, over 20 år attende i tida. Til det som etter kvart blei ei av mine favorittplater. Roger McGuinn sin ”Back From Rio”. Og det er sjølvsagt ein god ting. Ein fantastisk jublande god låt.

Meir avdempa powerpop med "Then I Know". Ikkje ulikt prosjekta til Rune Berg. Spesielt Number Seven Deli.

"The Memory That Lies In Me" er singer/songwritaren Kristiansen. Meir roleg og ettertenksamt. Og ganske så nydeleg, likar spesielt det diskrete orgelet som heile tida ligg under og lurar. Og innimellom bryt overflata.

Då er det på tide å heve trykket litt, med "Look At Us Now". Litt meir guffe i gitarane og høgare tempo.

"My Turn To Drive" aukar trykket endå meir. Samstundes som tempoet blir senka litt igjen i klassisk 70-talsrock. I Crosby, Stills & Nash si ande. Med Kristansen i rolla som Stephen Stills på gitar. Ein ganske krapp sving på denne plata, men veldig bra.

Dei svingar fint attende på "Falling Behind". Halvtempo og nydeleg melodi. Meir sommarleg vestkystrock.

"In Retreat" bringar singer/songwritaren Kristiansen attende. Rolegare og framleis med eit hint av sommar.

Alle gode ting har dessverre ein ende, så også denne plata. Den blir avslutta på ein glimrande måte med "Watching You". Ein litt tilbakehalden låt som blir slept laus på refrenga. Den er samstundes ei fin oppsummering av alt det fine ein finn på denne plata.

Og utan å mase eller terpe for mykje, vil eg berre seie til slutt. Denne plata er blitt ein triumf. Som eg håpar veldig mange oppdagar. Ho fortenar eit stort publikum.

Artikkeltags