Terningkast 3: MAMAS GARDEN

Artikkelen er over 8 år gammel

"Billionaire"

DEL

Mamas Garden er ei gruppe samansett av syskena Ingvild, Håvard og Dag Arnold Gryting. Dei har lang fartstid i populærmusikkmiljøet i Norge som songarar og koristar for ei rekke kjende artistar. No debuterer dei med eiga plate, produktet har dei kalla "Billionaire".

Plata består av 12 kutt, 11 av dei har dei laga sjøl i samarbeid med tekstforfattaren Sindre Røyland. Den tolvte, "Make You Feel My Love" har dei henta frå katalogen til Bob Dylan.

Det er ikkje vanskeleg å høyre at dette er erfarne og flinke musikarar som har både kompetanse og vilje til å levere eit godt produkt, og kanskje gjer dei det og. Men i mine øyre manglar denne plata dette ubestemmelege som skal til for å løfte musikken frå glatt og uinteressant til det eg kallar "repeat-kvalitet", m.a.o. det som skal få meg til å høyre plata om og om igjen. Dei er i nærleiken av dette på eit par låtar; den før omtalte Dylan-låten og

"I Believe There Is Strength In Your Heart", som er ein spretten og flott poplåt.

Ein godkjent debut, men eg er sikker på dei har meir inne.

- Stig Reiakvam

Artikkeltags