Terningkast 5: MAGNOLIA MOUNTAIN

Artikkelen er over 5 år gammel

”Beloved”

DEL

Den fjerde plata frå Cincinatti, Ohio-bandet Magnolia Mountain. Og til liks med dei føregåande, finansiert gjennom Kickstarter. Denne gongen saman med soloplata til vokalist, gitarist og låtskrivar Mark Utley.

Og der Utley som soloartist går meir i retning av country, er det meir blues og soul på denne plata. I tillegg til at vokalistane Melissa English og Renee Frye slepp meir til som hovudvokalistar. English har vore med lenge, medan Frye er nykommar.

Men desse forandringane blir berre for nyansar å rekne. Magnolia Mountain på plate er framleis like suverene.

Dei køyrar i gong med litt rocka blues og soul på "Midnight Man". "Fool No More" ligg nærare garasjerocken. Men utan å støye for mykje. Også første låten der Utley overlet mikrofonen til English/Frye, Utley er attende på "Going Out Of My Mind". Meir countrysoul, meir tempo. "Ain't Enough Anything" tek vekk tempo og set inn att English/Frye bak mikrofonen. Nydeleg Muscle Shoals-soul. Det er tyngre, mørkare og meir rocka på "Beloved". Bluesrock. Litt høgre tempo og duett mellom Utley og English/Frye. "You Got a Hold On Me" aukar tempoet litt til. Stakkato og rocka. Utley igjen i førarsetet. Utley fortset rocken på "Cat in a Cage". Framleis litt stakkato og med twang i gitarane. "Not That Much" tek kontrollen med Bo Diddley-beat og English/Frye bak mikrofonen. Ikkje mykje togtakt på "Lonesome Train". Ein nydeleg bluessoul-ballade med flott orgel- og gitarspel. God kjenslevar vokal frå Utley. Og låten avsluttast med ein gitarsolo David Gilmour verdig. (Pokker heller, når eg kjenner etter så minnar låten meg om, eg tør nesten ikkje seie det, ”Shine On You Crazy Diamond”). "Take Me Down" røskar litt opp att lyden. Nærast R’n’B i rocka utgåve. Flott vokal frå English/Frye. Dei avsluttar med platas beste låt, "The Southbound Lane". Ein reprise av låten med same namn frå soloplata til Utley. Som i motsetnad til der her blir gjort i full bandversjon. Halvtempo pianoballade igjen med flott vokal frå Utley. Ein sånn låt som snik seg under huda di. Og blir der.

Magnolia Mountain har ikkje berre gjort det igjen, dei har gjort det meir variert enn nokon gong. Og dei har gjort det like sterkt som dei etter kvart pleier å gjere.

Kjøp:

Artikkeltags