Terningkast 5: MAGNOLIA MOUNTAIN

Artikkelen er over 6 år gammel

”Town And Country”

DEL

Roots rock/alt.country bandet Magnolia Mountain frå Cincinnati er ute med si tredje plate. I utgongspunktet eit dobbeltalbum på vinyl. Men også på CD og nedlasting. Sjølv om eg trur dei to førstnemnde er ganske så avgrensa. Dette prosjektet vart finansiert gjennom Kickstarter.com. Og då nytta eg høve til samstundes å skaffe meg deira to første plater. Som eg heller ikkje angrar på.

Men no er det årets ”Town And Country” som gjeld. Som er blitt særs variert og fin affære. Med nokre låtar med ein kvalitet av ein anna verd. Samt to coverversjonar blanda inn. Og veldig stor variasjon i det musikalske uttrykket. Bandets leiar, låtskrivar og vokalist er Mark Utley. Men han har sjølvsagt god hjelp frå resten av bandet. Eit band som for anledninga er forsterka med diverse meritterte musikarar. Mellom anna Lydia Loveless.

Ein smak på den store variasjonen får vi allereie på opninga ”Black Molly”. Ganske så irsk i lyden. Med fele og banjo. I følgje bandet sjølv folkmusic frå Appalachene. (Har du sett ”Picnic Med Døden (Deliverance)” veit du samanhengen. ”One Waking Moment” er meir streit, enkel folkcountry. Lysare og lettare i lyden enn forgjengaren. Dei vrir over på meir bluesinspirerte tonar på ”Baby, Let’s Pretend”. Framleis like lett og sprettande. ”Set On Fire” tek det i så måte heilt ut. Vrengd slidegitar og tyngre i lyden. Med eit skingrande munnspel undervegs. ”Rainmaker” blir av bandet kalla ein Booker T.-inspirert rave-up. Og utvidar det musikalske landskapet endå meir. Og ein punkcountry duett med Lydia Loveless kallar dei "Shotgun Divorce". Ikkje akkurat punk i lyden. Kanskje meir i haldning og stemning. Men bra er der uansett. ”Bad For Me” legg seg på balladesporet. Med ein nydeleg saksofon luskande stort sett i bakgrunnen. Litt halvtempo. Men heilt nydeleg. Dei har med to coverversjonar. Den første, "Just to Know What You've Been Dreaming", er skriven av Will Johnson frå Centro-matic. Og no løftar dei taket heilt her. Fordi denne balladen er heilt nydeleg. Og blir levert så vakkert. ”The Devil We Know” aukar ikkje tempoet nemneverdig. I byrjinga. Men det mørknar til. Før dei trør til i mørkna. Keltiskinspirert bluesrock. Det blir litt lysare på ”Mister Moon”. Sjølv om det er natt og haust. Og går saktare enn nokon gong. Nok ein nydeleg ballade. ”The Old Ways” tek ein ny avstikkar til Appalachene. Med fele og banjo. Mykje banjo er det også på ”The Hand Of Man” og ”All My Numbered Days”. Dei vandrar ikkje så langt frå forgjengaren. ”Train To Glory” gjør det. Vandrar altså. Eller som tittelen antyder, køyrar tog. Med den fartsauke det medførar. Og eit fint orgel og fint munnspel. Vokalist og låtskrivar er heilt aleine med sin akustiske gitar på ”Hard To See”. På ein pub. Eit konsertopptak, som føyer seg fint inn i konseptet på resten av plata. "Don't Leave Just Now" visar at Mark Utley ikkje berre er ein glimrande låtskrivar. Han veit å plukke frem fine låtar av andre å spele inn. Her av Cincinnati-bandet Wussy. Som førde til at eg fekk eit nytt band å utforske. Og igjen er det ein ubeskriveleg nydeleg ballade. Dei held seg i same stemninga på ”Cry For Me”. Atter ein gong heilt nydeleg. Og her kunne dei eigentleg stoppa. Men nei. "A Light to Bring You Home" sørger for at vi kjem oss vel heim. Med marginalt høgare fart. Og litt meir lyd. Men framleis kjenslevart og fint. Som ein americana-utgåve av Beach Boys.

Det er jo klart, 18 låtar kan kanskje bli litt mykje på ein gong. Men det følest ikkje sånn. Den store variasjonen og dei sterke låtane sørgjer for at ein vanskeleg går lei.

Nok ein glimrande plate frå det store landet i vest.

Skaff deg plata her (digitalt)

Vinyl og CD

Artikkeltags