Terningkast 6: môra-Per

Artikkelen er over 7 år gammel

”Sockervägen”

DEL

Plate nummer fem frå Arvika-bandet gjer ikkje skam på bandets katalog. Dei klarar rett og slett å toppe sine tidlegare utgjevingar og levere si beste plate.

Som før er det folkrock som gjeld. Og som vanleg er det lyriske på topp. Eller som bandet sjølv seier det, tekstar som ville gjort värmlandspoeten Gustaf Fröding fornøgd. môra-Per gjør ikkje noko på denne plata som dei ikkje har gjort tidlegare. Men dei verkar meir modne og harmoniske denne gongen.

Plata knallar i gong med ”Solberga Gränd”. Som ein tøyla slektning av ”Änglarna” frå førre plata med brusande orgel og fint munnspel. ”Sockervägen” opnar med ein nydeleg dobro levert av haldenseren Freddy Holm. Og handlar om smugling. Likskapen med og inspirasjonen frå Steve Earle finst både i tekst og musikk. Sockervägen er tydelegvis den lokale utgåva av Copperhead Road. Frå Polen via Drammen og heim att. Litt meir tempo og fele byr ”Ingrid” på. Ein fin uptempo låt med ein diskret, men likevel leiande, banjo. ”Fallar Ner” visar at dei også har eit godt grep om balladane. Ikkje så veldig sakte, men veldig nydeleg. Litt keltisk preg er det over ”Godnatt Jord”. Med felene i sentrum. Nok ein låt som utvidar platas repertoar og variasjon. ”Om Jag Halkar Efter” ligg nok ein alen til platas variasjon. Her høyrest dei ut som eit rockabillyinspirert Perssons Pack. Og dei gjentek ikkje akkurat seg sjølv på ”Hela Skiten”. Den byrjar som ei unpluggedutgåve av ”We will rock you”. Utan å likne i det heile teke. Og blir meir intens etter kvart med mellom anna eit tungt mannskor. Legg ned Sverige, gi opp, selg hele skiten. Mektig. ”För Alltid Dömd” gjør det einaste naturlege. Roar det heile ned med stort sett berre akustisk gitar. Ein nydeleg kjenslevar kjærleikslåt med tragisk utgong. Høgre tempo og harmoni i countrylåten ”En Gång”. Men ikkje nødvendigvis på overflaten eit betre utfall for dei involverte. ”Första Maj 2010” byr meir feledriven folkrock. Og ein tekst som fortel om håplause grunna nedlagde arbeidsplassar. Ein sterk låt med trasig tekstinnhald. Litt lysare er då ”Vit Amazon” som kjennest ut som avslutninga på plata. Eit optimistisk tilbakeblikk på fortidas summarar som blir vevd saman med notida. Ein mektig låt som ruslar sakte frametter på sin småbombastiske måte. Om satt meg i ein stemning som avbroten av den eigentlege bagatellmessige instrumentalen som avsluttar plata. ”Dretschottis” er fin den, men eigentleg berre ein bagatell.

Som sagt innleiingsvis har môra-Per levert si hittil beste plate. Og eg både tykkjer synd på og misunnar dei som har til gode å oppdage dette bandet. For det er ikkje ofte ein kjem over slike uoppdaga skattar som dette bandet.

Dei klarar rett og slett å toppe sine tidlegare utgjevingar og levere si beste plate.

Artikkeltags