Terningkast 6: LUCERO

Artikkelen er over 7 år gammel

”Women And Work”

DEL

Tennessee-bandet si niande utgjeving viser at bandet stadig utviklar seg. Og blir stadig rundare i kantane og meir harmonisk. Bandet med vokalist Ben Nichols i spissen blir kasta inn i den omfattande sjangeren alt.counry. Med ein ganske så rufsete overflate. Noko som var meir gyldig for fem-seks plater sidan. Men bandet har som sagt utvikla seg.

Vi snakkar her om gode dosar sørstatsrock. Ikkje ulikt Drive-By Truckers og Jason Isbell. Og til tider like jublande bra. Bandet brukar i tillegg til dei røffe gitarane mykje keyboards (piano og orgel) og blåsarar. Noko som gir plata ein stor grad av sørstatssoul.

Bandet har som sagt åtte utgjevingar under beltet tidlegare. Men det er først no eg verkeleg ser det store potensialet som heile tida har lege i bandet. Spesielt bruken av blåsarar løftar dette opp i ein ny divisjon. Og forvandlar bandet frå veldig bra til heilt glimrande!

Ein av årets så langt beste plater. Høgdepunkt: ”On My Way Downtown” og ”When I Was Young”.

Artikkeltags