Los Plantronics forsynar oss med si sjette plate. Med ein platetittel med orda i behald. Dette er verkeleg organisk. Og dynamisk og levande. Eller for å låne litt frå presseskrivet: Elektrisk swamp-R&B, garage-soul-boogaloo, Sun studio gospel-billy, Stax (studio) instrumentalar, Chess innspelingar, Byrds-psykedelia, Memphis horns, blaxploitation, space-surf gitarar, biker-soundtracks, Hammond grooves, spagettiwesterns, leirbål-gitarar, Mariachi Brass, New Orléans funk, Latin jazz, syrete pakistansk folkemusikk, amerikanske krimforfattarar og 1500-tals målarar.

Og inspirasjon frå artistar som Elvis i Memphis ’69, James Brown, Link Wray og Bo Diddley, Screamin’ Jay Hawkins og Dr. John, orkestera til Ennio Morricone og Quincy Jones, MC5 og Mitch Ryder. Dei gjer mellom anna ein steintøff versjon av sistnemnde sin ”Devil With A Blue Dress”. Plata er for det meste instrumental. Men dei har med nokre låtar med vokal. Mellom anna den før nemnde Mitch Ryder–låten, ”Artificial Energy” og ” I Wanna Be Your Driver”.

Låtane er ei blanding av originalar og coverversjonar. Men dei 11 originale står ikkje attende for coverversjonane. Ein pleier gjerne å tenke at dette må vere openberring i konsertsamanheng. No har eg sett dei live, men plata er mykje betre. Kanskje av di dei spelte i dagslys på ein festival. Dette er musikk som treng eit mørkt klamt lokale. Når dei halvparten energinivået der som dei har her er suksessen sikra.

Dette er årets største humørspreiar av ei plate!