Bjørn Kulseth i selskapet NorskAmerikaner sluttar aldri å overraske. At han skulle gje ut ei plate med denne duoen hadde eg ikkje førestilt meg. Levi Henriksen er mest kjend som forfattar, men han har også ei fortid som bassist i Kongsvingerbandet Heart of Mary som gav ut LP'en «Greetings From Stucksville» 1989.
Samarbeidet som resulterte i årets plate starta i 2005 under litteraturfestivalen på Lillehammer, fortsette med den musikalske lydboka «Herfra Til Rockaway Beach» og påfølgjande turné som mellom anna tok dei til Florø.
Saman har dei tatt samarbeidet eit steg vidare, men det er nok framleis forfattaren Henriksen vi møter på denne plata, det er mest fokus på tekstane sjølv om finst meir enn nok sterke melodiar her. Den som i så måte stikk seg mest ut er «Bensinstasjonsroser», ei glitrande reiseskildring i folkrockdrakt.
Det er ikkje nødvendigvis NiLiv, Odd Nordstoga eller Hellbillies som for tida er den sterkaste eksponenten for folkrock her i landet, dei har i alle fall fått ein sterk utfordrar her. Og trur du ikkje Åge Aleksandersen dukkar opp her òg, i låten «Haltegutten Og Jeg» hjelper han Henriksen med å fortelje historia om Finnskogens Robert Johnson. Akkurat som i legenda om Johnson selde Haltegutten sjela si til djevelen for å bli eit fantom til å spele fele.
Låten som likevel tek kaka er den avsluttande «Da Rocken Kom Til Kongsvinger», ikkje så mykje til låt eigentleg, men beskrivinga av ein Young Lords-konsert i 1980 er fantastisk. Det er godt å vite at det ikkje berre var eg som fekk eit kick for over 28 år sia då eg såg Henning Kvitnes for første gong. Og som førde til ein fascinasjon for mannen som har vart fram til i dag.