Ikkje det at herrane Henriksen og Mårud nokon gong har skuffa meg. Men denne gongen verkar det som om dei har gått den ekstra mila. Alternativt køyrt den med tog. For her snakkar vi om ei plate med stor autoritet og sjølvtillit. Og store låtar.

På si tredje plate aukar dei trykket ytterlegare. Og vekslinga mellom Henriksen si snakkesynging og Mårud sin meir konvensjonelle vokal, er meir effektiv enn nokon gong.

No gjer dei ikkje noko nytt og banebrytande her. (Det skulle tatt seg ut!) Vi snakkar berre om streit, vellaga rock. Som tar dei fleste korrekte triksa i boka i bruk. (Kven som helst kan ta alle triksa i bruk. Berre nokon få klarar å bruke berre dei riktige.)

”Jeg har lært meg å se toget gå” opnar uansett fint. Som ei blanding av Jokke og Ulf Lundell. Med det første av platas fine refreng. Og brusande orgel. Mykje det same på ”Arbeidsliv”. Minus orgel og meir Uffe enn Jokke. Og eit fint gitarmotiv. ”(Få hjertet mitt til å slå i Charlie Watts sin takt” er kalla ein av dei betre Stones-låtane som er spelt inn dei 10 åra. Skulle ikkje vere så vanskeleg. Men det som verkeleg gjer denne låten er blåsarane. Og då tenkjer eg heller på australske The Saints. Sjølv om dei ikkje tangerte slidegitaren her. Men uansett er det ein glimrande låt. Litt lågare tempo og med eit snev av soul dukkar opp i ”Til desember”. Og Gary Moore. Ein sterk tekst om avmaktskjensla mange føler på i den månaden. Og nok ein gong eit sterkt refreng. Med godt gitararbeid.

”Kongsvinger” byr på det same. Gitararbeid i same ånd som Fabulous T-birds sin gitarist Jimmie Vaughan. Og arbeidet George Bradfute gjorde på dei første platene til Webb Wilder. Same gitarane dukkar opp i ”Kom og ak med meg i kveld Mari”. Men tyngre og meir reinspikka blues. Med call and response-refreng. Tungt og godt.

"Uten deg er jorda flat” bringar oss ut i landskapet frå byrjinga på plata. Rockemusikk ikkje langt frå hjartelandet. Henriksen og Mårud sin mest omtalte og diskuterte låt er deira oversetting av Louvin Brothers sin ”Knoxville Girl”, ”Småbybrud”. Songen som vart kalla sjuk og morbid, var å finne på ”Bang, Bang Ret Ned”. No fann ikkje eg så mykje å kave meg opp av i den. Men vi har alle våre problem.”Skrømtet av din småbybrud” er uansett ein svarsong til denne. Og er ein mordarballade. Som når vokalist Karen Therese Ugelvik kjem inn midtvegs i låten dreg fram att minna om Nick Cave og Kylie Minogue sin ”Where The Wild Roses Grow”. Om det er tilsikta, veit eg ikkje. Men fint er det. Og sjølvsagt ramnsvart. ”Faller, Faller” lysar det heile litt opp att. Musikalsk i kvart fall. Det høyrest ut som om dei har drege Nik Kershaw og gitaren hans inn i studio. Og fuzza han opp litt. I tillegg til å introdusere nok ein gjestevokalist, Bjørn Olav «Botan» Rønhovde. Ein fin, intens og kjenslevar halvtempo låt. Halvtempo er også ”Om Hundre År”. Ein fin song om å kunne takle kvardagen. Dei to sistnemnde også med fine refreng. ”Vi to blir som bensin på bål” er ei blanding av Love Sculpture (Dave Edmunds) sin ”Sabre Dance” og jenka. Og ein oppfyrt Brian Setzer. I det musikalske. Nok ein song om intens kjærleik.

Platas avslutting, ”Langt sakte tog”, er den første låten Henriksen & Mårud skreiv saman. Og dei har brukt sju år på å perfeksjonere den. Over åtte minutt der Henriksen brukar nesten fire til å legge til rette for Mårud si intense avrunding. Rocka gospel med mykje bibelreferansar. Og bibelreferansar er det mykje av på plata. Naturleg nok. God rock’n’roll har ofte brukt nettropp dette.

No har eg ikkje skrive så mykje om tekstane på denne plata. Men sidan Henriksen eigentleg er mest kjend som forfattar, skulle det borge for høg kvalitet. Han har i tillegg skrive ein introduksjon til teksten til kvar låt. Sånn at vi som har litt vanskeleg for det, kan få med oss kva som skjer.

Om du ikkje har skjønt no at dette er Henriksen & Mårud si beste plate så langt, foreslår eg at du les dette ein gong til.

Dette er ei fantastisk plate!