Terningkast 6: LEE BAINS III & THE GLORY FIRES

Artikkelen er over 7 år gammel

“There is A Bomb In Gilead”

DEL

Ei av årets plater kjem som vanleg ut av det blå. Nesten. Eg høyrde første gongen om dette bandet for nokre månader sidan. Og fatta interesse ut i frå beskrivinga. Lee Bains er elles medlem av Alabama-bandet Dexateens. Som jo sjølvsagt er bra. Men som ikkje førebudde meg på dette.

Og nettopp Alabama generelt, og Muscle Shoals spesielt, er det som gjennomsyrar denne plata. Og litt Detroit. Sørstatsrock og countrysoul. Country og garasjerock. Med eit lydbilete som snytt ut av slutten på 60-talet. Og byrjinga av 70-talet.

”Ain’t No Stranger” byrjar rimeleg illevarslande før refrenget eksploderar i andletet, øyra dine, etter 50 sekund. Sørstatssoulrock med MC5 i botnen. Monumentalt. Dei aukar tempoet og held seg i Detroit på ”Centreville”. Med meir enn eit snev av New York Dolls. Framleis med høg soulfaktor. ”Reba” tek ein brå sving. Og vi er plutseleg i countryland. Countrysoulland. Og alt er berre heilt nydeleg. Pokker heller, band som klarar å variere uttrykket sitt som Lee Bains III & The Glory Fires gjør her, har for alltid ei høg stjerne i mi bok. Eit klarare, meir definert soullydbilete blir levert på ”Choctaw Sumer”. Og minnar meg på kvifor eg elskar platene til Jim Ford. Ei litt råare og tyngre utgåve av den avdøde låtskrivarlegenden. ”Magic City Stomp” dreg oss nordover mot Detroit igjen. Eit nydeleg rått samspel mellom gitarane. Plassert i Detroit lydmessig. Men i sør tekstlig, Heart Of Dixie. Dei ligg seg opp mot Tony Joe White på ”Everything You Took”. Om enn i ei litt råare utgåve. Med eit nydeleg refreng. ”Righteous, Ragged Songs” held fram mykje i same gata. Men hintar meir mot The Band. Med eit snev av gospel. ”Say a prayer for punkrock, and

a prayer for me”. Høgoktan, bensindriven countryrock openberrar seg på ”The Red, Red Dirt Of Home”. Framleis med soul i botnen. ”Roebuck Parkway” ligg nok ein alen til variasjonen på denne plata. Lee Bains III akkompagnert berre av ein fingerplukkande akustisk gitar. Eit fint kvileskjer. Men vi er trygt attende i countrysoulland på ”Opelika”. Fin slentrande soul i nabolaget til Jim Ford. “There is A Bomb In Gilead” avsluttar denne fantastiske plata. Igjen høyrer vi ekkoet av The Band. Med eit snev av gospel. Og ein tekst med bibelske referansar.

Som sagt innleiingsvis, dette er ei av årets beste plater. OK, vi er berre i mai. Men her er sånne kvalitetar i denne plata som ikkje dukkar opp så ofte. Om du ikkje har forbindingar til Drive-By Truckers då. Vi får sjå kva Patterson Hood kjem opp med seinare i år.

Dett er er uansett rett og slett ei klassisk plate.

Artikkeltags