Terningkast 6: LAST HEAT

Artikkelen er over 7 år gammel

”Last Heat”

DEL

Med eit lydbilete fundamentert i den amerikanske vestkystrocken (Grateful Dead, Jackson Browne), platedebuterar det norske bandet Last Heat med eit knallsterkt album.

Hovudpersonen i bandet er Øystein Frantzvåg. Vokalist, gitarist og låtskrivar. Som tidlegare har jobba med mellom anna Paal Flaata og El Cuero. Og akkurat sistnemnde er ingen ueffen referanse til denne plata. Vel og merke når dei er i det mjukare hjørnet.

”Cross The River” opnar plata i så måte fint. Med eit fint svevande uttrykk med mykje orgel. Sånn passe tungt. ”One More Time” ligg meir mot countryrocken med litt steelgitar. Godt tempo og fin vokal frå Frantzvåg. Og igjen det nydelege orgelet. ”Someone To Turn To” bringar tankane hen til The Band. Med blåsarar. Og ein heftig gitarsolo undervegs. Tidvis nydeleg og vindunderleg. Tempoet blir skrudd opp på ”So Lost”. Utan at den eigentleg skil seg ut frå resten her. Nok ein gong med den fine blåsarrekka. ”The Forest” bringer oss inn i det tyngre territoriet til Neil Young. Og El Cuero, for den del. Seigt, tungt og saliggjørande. Dei roar det heile ned på ”No One Knows”. Forsiktig, akustisk gitarintro. Før dei fyller på med resten av kompet. Leia av eit diskret orgel og smektande gitartonar. Følgt opp av eit mjukt lag av blåsarar. Ein låt som kunne fortsett i det uendelege. ”Skyline Diver” er litt meir lettbeint. Og står fram som ein liten bagatell. Men den veks. Og blåsarane som kjem inn etter kvart bidreg til akkurat det. Avsluttinga ”She Said” er nesten episk og får meg berre til å ville spele denne plata igjen. Og igjen. Og atter ein gong er det mykje på grunn av blåsarane som krydrar også denne låten med sitt nærvær. Litt saktare, men så intenst, så intenst. Gitarsoloen mot slutten sit prikken over i’en og spikrar deg opp på veggen. Og lar deg henge der og lengte etter meir.

Nok ein gong er det godt å oppdage at dette landet her aldri ser ut til å sleppe opp for nye sterke band og artistar. Dette er bare usannsynleg bra!

Artikkeltags