Terningkast 6: KVELERTAK

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

”Meir”

DEL

Kvelertak opnar årets plate liggande i ein pøl av forvrengte gitarar. Eller ei prehistorisk suppe som prøvar å livne til.

Låten ”Åpenbaring” ligg og ulmar i nesten to minutt før den reiser seg opp slår knockout på deg. For så å suse vidare utan å sjå seg over skuldra.

Kvelertak fortset triumfferda frå debutplata i 2010. Med etter eige utsegn meir av det meste. Hardare, større og meir poppete. Og akkurat det siste er det lett å være einig i. Det er ikkje alltid like lett å høyre det, men under den trashmetal-baserte overflata ligg det ein rad fine melodiar. Og som førre gongen dukkar dei akustiske gitarane opp når ein minst ventar det. Det vil seie kvar gong. I tillegg ligg det i mine øyro mykje glamrock i musikken til Kvelertak. Og det kan verda aldri få nok av

For andre gong har dei vore i studio med Kurt Ballou (Converge), som sjølvsagt har produsert plata. Og han har verkeleg fått fram meir av det meste.

"Spring Fra Livet" kjem seg laus frå kvelartaket til opningslåten og spring verkeleg i veg. Men med rolegare parti undervegs som bringar ut dei gode melodiane. Ein malstraum av lyd med tre gitarar og guttural vokal frå Hjelvik. Vokal så frenetisk og brutal at ein treng eit tekstark for å få dei med seg. Så akkurat tekstane er litt vanskelege å vurdere sånn utan vidare. Utan at det eigentleg betyr noko. Vokalen er så inkorporert i musikken at den ville fungert uansett. Så for min del kunne han ha sunge handlelista si.

Dei forset i same leia med ”Trepan”. Meir av same. Og mykje, mykje av det leirraset Kvelertak kan kjennast ut som.

"Bruane Brenn", den på førehand utgitte singelen, lettar litt på trykket ved verkeleg å sleppe laus melodiane. Det er ikkje berre ein, det er fleire. Den litt westerninspirerte opninga blir følgt opp av eit komp typisk for bandet. Som etter kvart blir avløyst av eit særs fengande refreng. Og etter kvart eit veldig melodiøst mellomspel. Singelen fortalde oss og når den kom at også årets utgåve av Kvelertak ville glede oss stort.

Dei tek i bruk dei akustiske gitarane i opninga på "Evig Vandrar" og lurar oss eit liten augneblink til å tru at dei har gitt seg folkrocken i vald. Men Hjelvik dukkar etter kvart opp og føysar vekk eit kvart avvik frå formelen. Dei akustiske gitarane får sleppe til att heilt mot slutten før dei parkerar låten trygt.

"Snilepisk" opnar og med akustisk gitar. Men det er meir deathmetal-kassegitar. (Kva no det måtte være) Elles finn bandet og vokalisten her verkeleg tempoet og trykket på alle måtar. Platas mest gjennomførte deathpunk-låt. Her går det i 120. Minst.

Det gjeld for så vidt "Månelyst", og. Tempoet altså. Men det som i tillegg er stort med denne låten er rytmegitaren i byrjinga. Den er faktisk noko av det tøffaste eg har høyrt. I tillegg er det eit kjempetøft samspel mellom vokal og sologitar på forspelet til, og i, refrenget. Det er berre usannsynlig tøft. I tillegg, som om ikkje plata lukta svidd frå før, blir det levert ein gitarsolo som svir.

"Nekrokosmos" er platas mest progressive låt. Med taktskifte og melodiøse gitarar. Med ei blanding av ganske rein vokal (vel, alt er relativt) og guttural skriking. Dette også sjølvsagt heilt storveges. Ein over seks minutt lang primalterapi. Det siste halve minuttet er elles ein leik med tomme bøtter og piano. Eller noko sånt.

Dei køyrer meir rake vegen på "Undertro". Eit i denne samanhengen ganske streit rockekomp. Men på denne plata er ingenting streit og normalt. Om dei held seg litt i taumane når det gjeld takt, er tonen den same brutale. Og så tung, så tung. Med eit snev av standard heavy metal.

"Tordenbrak" følgjar litt av same lesten. Litt som om medlemmane av Van Halen skulle ha fall i styrkedråpegryta som små. Men der amerikanarane til ei kvar tid alltid har vore uinteressante, løftar Kvelertak sjangeren opp på eit heilt anna nivå. Nesten ni minuttar med rein vellyd. Men ein låttittel som "Tordenbrak" blir i denne samanhengen eit understatement, når heile plata høyrest ut som eit tordenbrak.

På avsluttingslåten "Kvelertak" tar dei den heilt ut og kan faktisk minne om AC/DC. Dei avsluttar samstundes plata med den mest fengjande låten på "Meir". Og i så måte fullfører dei oppdraget på ein heilt glimrande måte.

Og glimrande er ordet, no var debutplata på alle måtar glimrande. Men dei overgår denne gongen den lett.

Fantastisk er vel ordet eg leitar etter.

Artikkeltags