Det er med litt skrekkblanda fryd eg sett på denne plata og høyrer på ho. Kor tid sporar dette av? Og kvifor lurer eg på det?
Vel, etter å ha sett ei rad YouTube-videoar av ymse kvalitet og opplevd mannen i fri dressur som underhaldning på eit julebord for Florelandet Transportarbeidarlag på Kakebua for nokre år sida, så følte eg at eg hadde grunn til å vere skeptisk.
Men for å seie det sånn, han legg den ballen daud allereie på låt nummer ein, "Happy Summer Days".
Platas desiderte høgdepunkt og den låten som er mest, for ikkje å seie einaste, som er rocka. Med ein rå bluesy munnspel-intro etterfølgt av eit, etter forholda, rått gitarkomp, klingande piano og eit særs godt refreng med kordamer. Rett og slett ein sterk og god låt, med ein låt til av nesten same kaliber hakk i hæl: "Then Rainy Days Are Not So Sad", låten eg etter kvart må ha høyrt fleire gonger enn "Fairytale". Og i motsetnad til Melodi Grand Prix-vinnaren har ikkje denne byrja å irritere meg.
"Something New, Something Strange" og "Friendship" introduserer West Coast, med noko som høyrast ut som ei fløyte. Særs verknadsfullt, igjen med melodiar over gjennomsnittet.
Men så blir det litt for mykje danseband, ut ifrå selskapet som gir ut denne plata, Tylden, og produsent Molnes Husabø si fortid som dansebandprodusent, er vel dette noko som må påreknast. "Good Time Sally" og spesielt "It's Summer Love" heller litt for mykje åt det haldet etter min smak.
Deretter følgjer partyklassikaren "What A Party" som kan sjåast på YouTube og Facebook i ymse versonar, det er ikkje beste låten her men den får framleis godkjent og får skuta på rett kjøl igjen.
"Then Rainy Are Not So Sad" har ei nær slektning i "I Dance With Tracy Tonight", sjølv om sistnemnde ikkje når dei same høgdene som førstnemnde.
"A Wonderful Day With You" skjener litt for mykje i feil retning og fell dessverre ned på feil side, litt for mykje danseband.
Bra då at neste låten, "Lonesome Roads" elegant rettar opp mykje av inntrykket, ei John Denver/70-tals Elvis-ballade som held seg på rette sida av gjerdet. Og det gjør for så vidt avslutninga "Good Old Memories" og.
Så alt i alt er denne plata fullt ut godkjent, plata lev godt opp til tittelen som ei sommarplate. Og for å ta opp at spørsmålet om avsporing i byrjinga på teksten her: det sporar faktisk aldri heilt av her, trass i nokre feilskjær.
At dei vokale prestasjonane er heilt greie og tonefølgjet ikkje er det mest originale klarar ikkje å overskugge at mr. Liabø er ein høgst oppegåande låtskrivar.
Om tekstane ikkje er av dei sterkaste så er dei heldigvis på engelsk, akkurat det gjør faktisk denne plata lettare å like.
Ikkje den beste plata eg har høyrt i år, men i alle fall den nest beste med opphav i ein TV-sendt talentkonkurranse.
Du kan vinne eit eksemplar av plata her: Konkurranse
Sjå nyheiter på Twitter;: Platearbeidaren på Twitter