Terningkast 5: Yuma Sun

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

“Watch Us Burn”

DEL

Når ein studerer coveret på den nyaste plata til Yuma Sun verkar bandet å være i fyr og flamme. Og musikalsk og tekstlig så stemmer jo dette. Som vanleg.

Men Bergensbandet opnar si tredje plate med noko som ligg nærare vaudeville.

“St. Louis” er i så måte låten som tilsynelatande skil seg mest ut her. Men også den føyar seg etterkvart inn i det litt halvkrakilske uttrykket som ligg over plata.

Og der dukker jaggu Lucifer opp på “Give Me Fever”. Ein song om apokalypse og andre trivelege ting. Så intens at svovellukta nærast slår i mot deg. Hadde ein trudd på sånne ting kunne det gjort ein avskremd.

“Josephine” er meir i det melodiøse hjørnet. Med eit lybilete som av og til bringar tankane hen til Ennio Morricone. Godt tempo, men intensiteten skrudd ned nokre hakk.

Dei fortset i eit litt rolegare leie på “Violets To Stone”. Men med svovelpredikantretorikken på plass, blir intensiteten skrudd opp att nokre hakk.

“Judas Tree” held tak i den intensiteten. For å seie det mildt. Nærast stoner-rock, litt som Kyuss og QOTSA. Platas mest utagerande låt. Med ein tekst passande no i påska.

Og overgangen blir påtakeleg, når dei med “Mary” leverar platas mest harmoniske og flottaste låt. Men framleis med eit gift- og flammesprutande innhald i teksten.

Dei forandrer det musikalske i ein meir utagerande retning på “King Of Light”. Men dei holder igjen såpass att den særs melodiøse låten ikkje druknar. Fin svovelstenka folk-music.

“War Has Begun” letter ikkje akkurat på trykket. Den minnar meg om fleire ting, mellom anna av alle ting Blondie sin “Call Me”. Og stoner-rock. Utan at det levnast nokon som helst tvil om at det er Yuma Sun vi høyrar på.

Coveret

Coveret

“The Hospital” er nok heilt anna. Eitt minutts avmålt pianoklimpring og etterkvart med litt ditto banjo.

Dei tek med seg denne lågmæla heilt i byrjinga på “High Road”. Men det endrar seg etter kvart. Meir intens og dvelande majestetisk halvtempo ørkenrock.

“Watch Us Burn” fortset den litt rolegare, litt nedpå trenden frå dei føregåande låtane. Og avsluttar plata med piano, lun banjo og atmosfærisk slidegitar.

Ein fin, god avslutting på årets foreløpig beste plate med inspirasjon frå down under. Og då snakkar eg ikkje om Australia.

Artikkeltags