Kolsvart frå dei store norske

Platearbeidarens årsoppsummering 2007

2007 blei året dei multinasjonale plateselskapa sine norske avdelingar presterte å lansere berre ein norsk debutant, Christel Alsos. Det seier heldigvis meir om plateselskapa enn om tilstanden til norsk musikkliv.

Likevel har ikkje dette stoppa flyten av nye norske namn, sidan indieselskapa har tatt seg av etterveksten når dei store selskapa sviktar.

MEN FOR Å FINNE årets beste plateutgjeving må vi, som vanleg, til det store landet i vest. På si fjerde plate, «The Stage Names», tar Okkervil River ut til fulle det potensialet som låg i dei tre første utgjevingane. Og frå første gongen eg høyrde «Our Life Is Not A Movie Or Maybe» var eg fanga. Ei utruleg plate!

Okkervil River

Myspace

Wilco sluttar aldri å overraske, på årets utgjeving «Sky Blue Sky» har dei gått mot eit meir westcoast/fusion-prega sound. Og for meg er spesielt sistnemnde, fusion, skremmande nok. Alt for mange feil tonar spelt alt for ofte, men altså ikkje her, spesielt «Impossible Germany» er eit av årets vakraste stykke musikk.

Wilco

Myspace

KVA KAN EG SEIE om Turbonegro som ikkje allereie er sagt? «Retox» er ei av dei tøffaste platene som kom ut i år, med tekstar på eit nivå som enten er geniale eller infantile. Desse er sjølvsagt det siste. Tekstane er til tider hysterisk morosame, men tar du dei på alvor har du eit problem. Og årets tøffaste instrument er kastanjettane på «Do You Dig Destruction?».

Turbonegro

Myspace

Drømmere & Drankere er rootsmusikkbandet frå Drammen som feira 20-årsjubileet som band med å gje ut si første plate. Og den sjølvtitulerte debuten er blitt fantastisk bra med «Bandidos i det Fri» som høgdepunkt, låta som handlar om ein gjeng som får Olsenbanden til å verke som råbarka forbrytarar.

Drømmere & Drankere

Myspace

ETTER Å HA VANDRA nokre år i skugganes dal, det er eigentleg ikkje så mykje vi har høyrt til han (7 Creekdippers-platar eller ikkje), dukka Mark Olson opp med den smått fantastiske «The Salvation Blues». Og du treng berre låne øyre til «Clifton Bridge» for å høyre at dette er det beste han gjort sia Jayhawks «Tomorrow The Green Grass».

Mark Olson

Myspace

HGH med Håkon Gebhardt og Martin Hagfors gjekk omsider elektrisk med «All The Men In Dresses» og leverte si beste plate nokosinne. At det i mine øyre også er den beste plata Hagfors har vore involvert i, seier også litt, det er blitt ganske mange etterkvart. «Jumping to Conclusions» var eit mange høgdepunkt på denne plata med countryrock av særs høg klasse.

HGH

Myspace

FOUNTAINS OF WAYNE, dei amerikanske powerpoparane, leverte med si femte plate, «Traffic And Weather», nok ei samling klassiske poplåtar med skarpe kantar. Også dei brukar til tider humor og ironi effektivt. «'92 Subaru» som hintar til Steppenwolfs «Born to Be Wild» viser nettopp dette.

Fountains Of Wayne

Myspace

Danny & Dusty, eller Dan Stuart og Steve Wynn, har ikkje gjort noko saman på over 20 år. Og når dei endeleg gjer det på «Cast Iron Soul», må det jo berre bli klassisk, «Thanksgiving Day» er vindskeiv country/americana av ypperste klasse.

Danny & Dusty

Myspace

Bright Eyes si «Four Winds» blei av ein eller annan merkeleg grunn ein hit på Svisj (NRK2) tidlegare i år, merkeleg fordi dette er ei folk rock/country-låt av beste slag. Og resten av plata «Cassadaga» ligg kvalitetsmessig tett etter.

Bright Eyes

Myspace

BIG BANG og Øyvind Greni fekk sitt verkelege gjennombrot i år, «Too Much Yang» er faktisk så bra at eg nesten har gløymt ein av dei mest enerververande hitane nokon gong, «Girl in Oslo». Og sjølv om vi no er seint i desember sit «Early December» framleis som ei kule.

BigBang

Myspace

Ryan Adams har tatt det litt med ro dei to siste åra etter tre utgjevingar i 2005, kanskje like greitt. Det er lettare å sjå fram mot ei utgjeving i året enn tre, årets plate «Easy Tiger» var vel verdt å vente på. «Two» var eit av høgdepunkta på denne.

Ryan Adams

Myspace

NICK LOWE er ikkje mannen som forhastar seg når det gjeld utgjevingar. Med seks år sia førre plate var forventningane skrudd opp så det heldt og mannen hadde sjølvsagt ikkje problem med å innfri. «At my Age» med eit av høgdepunkta «A Better Man» plasserer Lowe stadig lenger bakover i tida og blir berre meir og meir cool.

Nick Lowe

Offisell heimeside

Levi Henriksen & Thomas Mårud tonesette førstnemdes tekstar på ein glimrande måte «Bang Bang Rett Ned». Musikalsk oppheld dei seg i eit americana-landskap med skarpe kantar. «Bensinstasjonroser» er lyrisk og melodiøst den beste folk-rocklåta gitt ut her på berget i år.

Levi Henriksen & Thomas Mårud

Myspace

Med «Echoes, Silence, Patience & Grace» reiste Foo Fighters kjerringa etter å ha levert etter mi smak nokre litt for tamme utgjevingar. Dette er stort sett klassisk Foo Fighters heile vegen eksemplifisert med «Long Road To Ruin».

Foo Fighters

Myspace

AT BRUCE SPRINGSTEEN skulle returnere med The E-Street Band låg vel ikkje akkurat i korta etter den store suksessen han hadde med The Seeger Sessions. Og at han med «Magic» leverer den plata eg ikkje trudde han hadde i seg, den beste saman med E-Street band på over 20 år. Sjølv om «Girls in Their Summer Clothes» ikkje er typisk Springsteen, er den likevel eit av høgdepunkta på plata.

Bruce Springsteen

Myspace

Will Hoge var for meg ein heilt ukjend artist og etter å ha sjekka ut noko av det han har gjort tidlegare skjønar eg kvifor. «Draw The Curtains» er av klart høgare klasse enn det han har gjort tidlegare, plata er trygt plassert mellom Ryan Adams og Bruce Springsteen. «Dirty Little War» er eitt av fleire høgdepunkt som står som ein påle.

Will Hoge

Myspace

PLATA MED den litt surrealistiske tittelen «I Saw Her From Here – I Saw Here From Her» er den tredje til Christian Kjellvander. Svensken med ei fortid i alt.country-rockarane Loosegoats fullfører det han byrja på sine to føregåande utgjevingar. «Two Souls» ligg som resten av plata trygt plassert mellom Midnight Choir og Townes Van Zandt.

Christian Kjellvander

Myspace

Den Arcade Fire-inspirerte «Repeater» med Oslobandet Howl har gått på det vi kallar high rotation på norske radiostasjonar ein stund. Rart at ikkje fleire har oppdaga bandet og plata «Higher Class of Lush». Det fortener den verkeleg.

Howl

Myspace

HANOI ROCKS rockar vidare, sjølv om dei er langt på sia av det som kan kallast moterett i 2007. No påstår dei det motsette på «Fashion», men «Street Poetry» inneheld ingen nyvinningar, tekstane er det vi kan kalle infantile, musikken er heilt streit gitarbasert rock. Men med den kvaliteten på låtane som blir levert her, er dette beint fram glimrande.

Hanoi Rocks

Myspace

Canadiske Blue Rodeo har for så vidt laga same plata i snart 20 år, men no likar eg countryrock av det slaget denne gjengen leverer. «Small Miracles» er til tidar akkurat det, «C'mon» eit av høgdepunkta.

Blue Rodeo

Myspace

HEILT AVSLUTNINGSVIS på denne Topp 21 for 2007 gjer eg noko eg ikkje har gjort tidlegare, eg rangerer ei nyutgjeving som ei av årets beste plater. Jim Fords «Harlan County» frå 1969 igjen utgitt på CD med 15 bonusspor på «The Sounds Of Our Time» var ein fantasisk oppdaging for meg, countrysoul av ei anna verd. Men dessverre forsvann Jim Ford frå denne verda i november, no når det så ut som om mannen omsider skulle få den anerkjennninga han verkeleg fortener. Det kjem ut ei ny plate med meir historisk materiale i januar 2008.

Jim Ford

Plateselskapet si heimeside