Terningkast 5: KNUT REIERSRUD

Artikkelen er over 5 år gammel

”Aftonblues”

DEL

Akkurat kor mange plater Reiersrud har gitt ut og delteke på, anar eg ikkje. Men det er mange. I tillegg til eigne plater har han spelt med artistar som mellom anna Dr. John, Joe Cocker, Nina Hagen, Steve Ray Vaughn, David Lindley og Five Blind Boys of Alabama.

Og for å legge ein ekstra dimensjon på mannens karriere, gir han no ut ei plate med låtar han oppdaga då han var 12 år. Dei fleste i alle fall. Platas tittel er ei hylling til det svenske radioprogrammet han oppdaga i 1973. Og som tende interessa for blues.

Innhaldet på plata er ei fin blanding av klassikarar og meir moderne stoff. Med enkelte unntak Reiersud si stemme akkompagnert av han sjølv på akustisk gitar. Unntaka er mellom anna opninga, den sjølvskrivne "Blind Blake". Den er instrumental. Det er også "Noah's Harp", også den av Reiersrud. Men her blir munnspelet tatt i bruk. "Greasy Greens" gjør det same. Men her syng han i tillegg. Pianoet får seg ein runde på "I've Had My Fun". Stadig like suverent spelt. Resten er meir standard blues. I den forstand at det er gitar og vokal. Og eit repertoar basert på klassikarar. Av mellom anna Robert Johnson ("From Four Until Late") og Scott Joplin ("The Entertainer"). Sistnemnde er klassikaren som er blitt radbrekt på piano gjennom mange år. Reiersrud sin versjon på gitar blir på mange måtar ein elegant renoveringsjobb. Men han avsluttar overraskande. "Blinded By Love” er ein låt han fekk av Dr. John då han turnerte med han i Noreg og England i 1983. Litt mindre blues. Og endå mindre blir det når han avsluttingsvis på låten og plata lar den gli over i Prince sin ”Sometimes It Snows In April". Ein låt opphavleg frå plata ”Parade” frå 1986. Og ei nydeleg og annleis avslutting på ei flott plate.

Artikkeltags