Terningkast 5: KING MOB

Artikkelen er over 7 år gammel

”Force 9”

DEL

Stort suprare enn dette er det vanskeleg å få det i mi verd. Eller kva seier ein til Martin Chambers frå The Pretenders på trommer og Glen Matlock frå førsteutgåva av The Sex Pistols på bass. Supergitarist Chris Spedding og Steve Snips Parsons på vokal. Dei to sistnemnde var også medlem av det legendariske 70-talsbandet Sharks. Dei var så gode at platene hadde fortent ei nyutgjeving.

Det er med andre ord ein gjeng med ikkje heilt unge musikarar vi har med å gjøre. Utan at det høyrest ut til å hemme dei nemneverdig.

Musikalsk snakkar vi om rimeleg streit rock. Med bluesen i botnen. I den grad noko med villmannen Chris Spedding på gitar kan være streit. Det er uansett han som er platas store behaldning. I tillegg at bandet har skrudd saman eit repertoar av kvalitet over gjennomsnittet. Noko som gjer at denne plata tronar høgt over andre supergruppeprosjekt. Ein treng ikkje leite lengre tilbake enn til Them Crooked Vultures for å sjå kor gale det kan gå.

Denne plata er derimot er heilt glimrande. Og kan av alle ting minne om The Black Keys.

Artikkeltags