Terningkast 6: Kevn Kinney

Artikkelen er over 7 år gammel

"A Good Country Mile"

DEL

Drivin' n' Cryin'-vokalisten har tatt seg tid mellom øktene i eit hardt turneprogram med bandet til å lage det som sannsynlegvis er sommarens finaste plate. Kinney og Drivin' n' Cryin' revitaliserte karrieren sin med ”The Great American Bubble Factory” i 2009. Og har stort sett turnert sidan.

"A Good Country Mile" fekk sin start gjennom Kickstarter.com, som så mange andre plater dei siste åra. Ein måte der fans kan være med å finansiere plata allereie før innspelinga har starta. Med seg har han hatt Anton Fier frå The Golden Palominos. Sistnemnde band står elles for musiseringa her. At dei ikkje har særleg aktive dei siste 15 åra er vanskeleg å høyre.

Musikalsk streifar han ikkje så langt unna det han gjort tidlegare. Anten med bandet eller som soloartist. Tradisjonell gitarbasert rock med blues, country, sørstatsrock og folk i botnen. Nytt og tidlegare utgjeve originalmateriale. Med to særs interessante coverversjonar putta på i byrjinga og slutten av plata.

Den eine stadfestar koplinga mellom Kinney og Drivin' n' Cryin', og eit anna stort sørstatsband. ”Never Gonna Change” er skriven av Jason Isbell då han var medlem av Drive-By Truckers. Og gitt ut på ”The Dirty Sourh”. Kinney sin versjon gjer ikkje akkurat skam på originalen. Ei sterk bluesy opning på ei sterk plate som set stemninga med sitt lett uvørne lydbilete. ”Gotta Move On” er tidlegare spelt inn på Drivin' n' Cryin' sin debutplate, ”Scarred But Smarter”. Meir forvrengt sørstatsrock med slidegitar og munnspel. Og ein Kinney som syng som om livet hans avheng av det. Platas første original, ”Challenge”, tek det tilsynelatande litt rolegare. Men ein del av partia her, spesielt vokalen, legg ikkje så mykje i mellom. ”Hurricane”, platas andre original, tar det heller ikkje så roleg at det gjør noko. Ikkje det at tempoet er høgt. Det er berre intensiteten i den høgoktane sørstatsrocken som er så vindskeiv og kraftig. Ein blir rett og slett sittande sveitt og mørkbanka igjen. Han tek oss atter ein gong attende i tid, denne gong til Drivin' n' Cryin' sin ”Mystery Road” representert med ”Wild Dog Moon Pt 2”. Her litt utvida. Men lett gjenkjenneleg. Og levert på same frenetiske måte som bandet hans ville ha gjort det. Med eit nydeleg klimaks mot slutten som roar det heile ned. Ein stakka stund. ”A Good Country Mile” har tidlegare vore ute på ” Broken Hearts and Auto Parts” frå 2002. Ein låt som viser Kinney si andre side. Songwriteren og folksingeren. Utan at han og bandet går av vegen for være litt meir bråkete under vegs enn ein gjennomsnittleg folksinger. Slidegitaren mot slutten understrekar akkurat det poenget. Nesten 10 minutt med rein nyting. På platas tredje original, ”Set in Stone”, er framleis den lett uvørne folksingeren til stades. Tidvis omringa av slidegitarar. Og framleis i like fin form. ”Bird” var også tittelen på ein av låtane på 1994-plata ”Down Out Law”. Om dette er damelåten har eg ikkje bestemt meg for enno. Den er uansett ganske så annleis. Sonisk ligger den i gata til Drivin' n' Cryin'. Med ein tidvis spinnvill slidegitar surfande på toppen. Og eigentleg heilt fantastisk. Ni og eit halvt minutt med rein vellyd. Litt rolegare blir det på "In the Land (Of Things That Used to Be)". Ein litt spakare utgåve av den føregåande låten. Men på alle måtar like fin. Denne gongen i overkant av seks minutt. ”Southwestern State” er platas andre coverversjon, og den avsluttar plata. Originalen er av den amerikanske gruppa Seven Mary Three. Og om deira versjon var god, overgår Kinney den så det held her. Musikalsk ligg Seven Mary Three sin versjon litt i Pearl Jam-gata. Og då høyrest Kinney sin Neil Young countryinnpakking mykje betre ut. No er dette langt frå country. Men undertonane ligg her heile vegen. Kinney leverar samstundes platas beste vokalprestasjon. Med god variasjon og dynamikk.

Og akkurat Kinney sin vokal er ein av grunnane, for ikkje å seie grunnen, til at eg omfamnar alt han har å komme med. Ein av rockens mest særeigne og lett gjenkjennelege stemmer.

Musikk i 2011 blir ikkje stort betre enn dette.

Artikkeltags