Terningkast 5: KENT GOOLSBY

Artikkelen er over 5 år gammel

“Trophies Of Youth”

DEL

Dei fleste startar nok på null når dei høyrer namnet Kent Golsby. Nemner eg bandet The Only Sons, med tre utgjevingar på samvitet, blir det kanskje ikkje betre. Men dette er uansett mannens solodebut. Og den er produsert av Joey Kneiser frå Glossary. Samt at den eigentleg gjer mannens fortid i The Only Sons irrelevant.

Han er rolegare og meir nedpå som soloartist. Men ikkje utan sine utblåsingar.

Han minner meg om John Prine. Og Guy Clark. Men med meir ungdommeleg pågangsmot.

"Pleased (You Can't Be)" er litt røff og svingande. Litt stonescountry. Men "Natural Disaster", som leverer tekstlinja som har namngjeve plata, er heilt nedpå innleiingsvis. Før den girar opp og legg seg i grooven eg forbind med tidleg Guy Clark. "Crazier With Every Turn" vel å opphalde seg i nemnde landskap. Men den får meg og til å tenke på John Prine. Han går ned bluesvegen på "Jesus Is My Landlord". Texasblues nærare bestemt. Men med eit sterkt refreng. "Boomarang Kid" roar det heile ned att. Rolegare og svalare. Akustisk gitar og pedal steel. Men han fyrer til dei gradar opp att på "Rags To Rags". Denne gongen med ein småfunky New Orleans-groove. Og litt utagerande gitarspel. "Two By Two" fjernar all unødvendig staffasje. Igjen stort sett akustisk gitar og pedal steel. Og litt forsiktig orgel. Han held det nede på "Living Proof". Men her med banjo og dobro som krydder. "Losers Sweepstakes" er mørkare og seigare. Med trommer og kontrabass. Og ein ganske giftig elektrisk gitar. Ganske tungt etter kvart. Han avsluttar plata ned bluesvegen att med "Carrot Blues". Med piano, orgel og slidegiar. Ein annan type blues, lengre nord. Men veldig bra.

Det er med andre ord ein særs variert plate Goolsby har levert oss med sin solodebut. Og om den ikkje liknar så veldig mykje på The Only Sons, finn ein likskapar grunna Goolsby si sterke særeigne stemme.

Kjøp:

Artikkeltags