Terningkast 5: JULIE WILLUMSEN

Artikkelen er over 5 år gammel

"Ikkje Vækk Mæ Før Æ Våkna"

DEL

Tre år er gått sidan Willumsen platedebuterte. Og mykje har skjedd sidan då. Med Julie Willumsen, og. Eg hadde rett og slett ikkje kjent ho igjen. Og det er ikkje berre fordi ho har gått over til morsmålet. Dette er noko heilt anna, ein annan divisjon. Ikkje det at "Waltz For Valentines" var ei dårleg plate. Det er berre det at denne er så fantastisk mykje betre.

Etter å ha budd 10 år i Oslo enda det med at ho ”mista” seg sjølv. Men etter ein tre år lang leiteaksjon som tok ho via heimstaden Bø i Vesterålen, ein rad gode hjelparar og ei ny plate, så har ho omsider funnet seg sjølv igjen. Og ho var nok ikkje seg sjølv på den første plata. Dette er som sagt noko heilt anna. Det er meir snakk om ei oppdaging.

Platas store styrke, utanom Willumsen sjølv, er produsent Henrik Maarud. Han har laga eit fantastisk lydbilete. Lågmælt og behageleg. Og veldig detaljrikt. Han held dei dyktige musikarane stramt i taumane. Men likevel fløymer det over av detaljar her. Ho har gått frå ganske standard poprock til noko som ligg i skjeringspunktet mellom vise og pop. Utan at eg er heilt sikker på at det er rette uttrykket.

"En millimeters avstand" er ikkje så mykje vise eigentleg. Willumsen sitt piano og Maarud sine trommer. Sistnemnde både i front og lurande i bakgrunnen. Delvis atonale trommer i bakgrunnen. Til tider ganske uptempo. Men samstundes roleg og kjenslevart.

El-piano, klokkespill og monotron utgjer underlaget på "16 år". Med tempoet avslått og eit munnspel som krydder. Og ein fin tekst om at det aldri er for seint å forelske seg.

"Gamle helta (rusta alltid)" er plutseleg noko heilt anna. Her har dei sleppt Bendik Brænne laus på saksofon og blåsearrangement. Blåsarane; horn, trombone og saksofon, gjer denne låten nesten nydeleg. Legg til at Egil Stemkens (Aamund Maarud, The Yum Yums, Popgun) spelar kontrabass og du har platas høgdepunkt. Ei nesten religiøs oppleving. Her snakkar vi sakte vals.

Kontrabassen til Stemkens er også tydeleg til stades på "I dag va verden sint". Eit detaljrikt lydbilete dominert av Gøran Grini på mellotron og pumpeorgel. Saman med pianoet til Willumsen og klokkespill er dette hypnotisk.

"Ei stille bønn" er stort sett tangentdominert. Orgel, el-piano og mellotron. Nærast elektronika og vokal levert med hjartet utanpå skjorta. Sakte, sakte. Og fullt av kjensler.

Det blir litt tyngre på "Ikkje vekk mæ før æ våkna". Maarud er attende bak slagverket. Litt meir driv, rytme og tyngde. Med variasjon i tempo og rytme. Nærast rock i refrenga. Men berre nesten.

"Du kan ikkje klandres, du e ikkje min mann" byr på same variasjonen. Nærast naken i byrjinga før det blir bygd opp. Og ned. Særs dynamisk. Og ein god nærast drepande tekst om kjærleik.

Peer Nic. Gundersen har eg aldri høyrt om før, men duetten han gjer saman med Willumsen på ”Vi to” gjer at eg eigentleg ikkje ville ha noko i mot å høyre meir frå den kanten. Den fine slentrande låten blir og løfta av Simen Aanerud (Aamund Maarud) på trekkspill og munnspill.

"Refreng" har Henrik Maarud på trekkspelet. Saman med pumpeorgel, klokkespel, Grand Piano og el-piano leverast ein var og smakfull sakte låt. Rik på instrument som ikkje går i vegen for kvarandre.

Avsluttinga ”Profet” avsluttar plata. Her er Willumsen heilt aleine med pianoet sitt innspelt ”live” i studio. Ei var og roleg avslutting på ei på alle måtar flott plate.

Det er flott å sjå korleis Willumsen har nullstilt karrieren sin, og gått i ei heilt anna retning enn på debuten frå tre år attende. Det er først no ho står fram som den kunstnaren og artisten ho verkeleg er.

Artikkeltags